Re: Susan George, ATTAC og Klassekampen

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Sat Dec 09 2000 - 15:01:50 MET


Le Sam, 9 Déc 2000 12:17:04 +0100
"Espen Laukeland" <eslauk@klassekampen.no> a écrit:

> Jeg skulle selvsagt ha skrevet at George er viseleder i Attac. Dette er
> rett og slett bare en beklagelig glipp fra min side, skal få på en
> opplysning om dette på mandag. Av og til er man litt stresset når man
> skriver.

Det er greitt, men det kunne også vera greitt om Klassekampen litt oftare
skreiv om Attac http://www.attac.org , for denne rørsla er, same korleis
ein snur og vender på det, ein fundamental del av kampen mot den liberale
EU-politikken og den liberale globaliseringa! Dette har du kanskje lagt
merke til i Nice?

Avisa Klassekampens har altfor lenge vist bortimot total mangel på
interesse for Attac. Så vidt eg veit, har ikkje avisa trykt profesjonelt
tilrettelagt stoff om fenomenet, skrive av redaktør Per-Aslak Ertresvåg,
medan Dagbladet derimot trykte ein artikkel av Ertresvåg for nokre månader
sidan.

Sjølv er eg medlem av Attac France, og har ved fleire høve uttrykt mi
undring over at det til no ikkje har vore særleg interesse for ATTAC i
Noreg. Attac sine norske vevsider http://www.attac.org/indexno.htm og
distribusjonslista http://www.attac.org/listno.htm blir haldne vedlike på
entusiastisk vis, hovudsakeleg av Vidar Rekve.

Når skal det bli fart i organiseringa av ei norsk avdeling? Det finst ei
gruppe som førebur opprettinga av Attac i Sverige samstundes med at landet
overtar presidentskapen i EU: http://www.attac.org/sverige/index.php

Her på KK-forum har fleire vist interesse for organisasjonen, men det blir
diverre aldri vidare diskusjon om dette temaet.

Bladet til Internasjonale Sosialistar nemner Attac, nøytralt eller
positivt, medan Klassekampen teier. Er det Peter M. Johansen si eiga
avvising, på revolusjonært grunnlag, av valutaavgift og liknande reformer
av finanssystemet som pregar redaksjonen?

Held Klassekampen fram på denne måten, kjem avisa til å bli ståande att på
land, den dagen den norske Attacbåten legg frå kai. Det gjer ingenting for
meg personleg, men for "venstresidas dagsavis" ville det vera litt av eit
paradoks.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Vous avez un site perso ?
2 millions de francs à gagner sur i(france) !
Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:32 MET