Tog på sidesporet

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Wed Dec 06 2000 - 12:40:18 MET


Sidan det er tillaup til jarnbanedebatt på KK-forum, og den også har ein
viss relevans til klimadebatten, kjem her ein rapport frå eit sidespor:

Raumabanen hadde fram til 20. oktober direktetog og/eller gjennomgåande
vogner til Oslo, også om natta. Eg har mange kveldar gått ombord på
Åndalsnes (eller "Næs", som vi lokale seier), lagt meg i 2-køyers kupé,
ofte åleine, vakna på Lillestrøm, ete frukost (inkludert i prisen)
ombord eller på Oslo S og vandra vidare til dagens gjeremål. Vognene var
gamle, men fullt brukbare.

Inn med det nye "konseptet": Agenda. To vogner kopla saman, begge med
bråkete dieselmotor i kvar ende, slik at verken konduktør eller
passasjerar kan ta seg frå den eine til den andre. Dermed heller ingen
sørvis utover ein sjokoladeautomat. Plassen er dårleg utnytta ved at
seta står parvis mot kvarandre, og det er trongt mellom dei, sjølv for
oss kortbeinte. Det humpar såpass at det ikkje er råd å arbeide med ein
PC på fanget. På plussida skal nemnast oppdelinga i "aktive" og "stille"
kupéar, slik at trøytte passasjerar får ro og ungar kan røre litt på
seg.

Sovevogn vart det ikkje plass til i dette "konseptet", men i staden for
nattoget går det no buss til Oslo. Eg har ikkje prøvd den, for eg trur
ikkje det blir ein god arbeidsdag etter ei natt på bussen. Så her er no
ein ny morgonflypassasjer.

Agenda-toget går berre til Dombås, så passasjerar til Oslo må gå over på
Signatur, som kjem frå Trondheim og gjerne er fullt allereie. Problemet
er visstnok at Agenda ikkje kjem seg fort nok gjennom Romeriksporten,
det blir i vegen for flytog og annan trafikk. Dessutan er det vel
ugreitt med dieseleksos på den strekninga. Agenda er openbert konstruert
som lokal-/matetog.

Agenda har likevel ikkje tid til å stoppe på alle stasjonane, slik det
gamle toget gjorde. Dermed er det nye "konseptet" dårlegare enn det
gamle både for lokal- og fjerntrafikken, så det er uklårt kven som er
målgruppa, og det blir spennande å sjå korleis det går med
passasjertalet. Vil dei nedleggingsivrige endeleg nå målet sitt?

Det går også godstrafikk på sidesporet, og her er ei positiv utvikling:
På grunn av den høge dieselprisen har lokale transportørar funne det
lønnsamt å gå over frå bil til bane. Det skulle spare Lesja og
Gudbrandsdalen for ein god del vogntog (eg hugsar ikkje no kor mange).
Korleis dette går når lastebileigarane har fått krangla ned
dieselavgifta, står att å sjå.

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:31 MET