Re: Klar beskjed

From: \\yvind Seland (oyvind.seland@geofysikk.uio.no)
Date: Mon Nov 27 2000 - 09:47:29 MET


On Sat, 25 Nov 2000, Karsten Johansen wrote:

> Det man aldri vil kunne få fra norske meteorologer får man i Sverige. Klar
> beskjed. Har det noe å gjøre med at alle norske meteorologer må
> sikkerhetsklareres? Værmeldingen er opplagt ideologisert i Norge, i likhet
> med det meste. Det byråkratiske ordfengsel er under streng kontroll, selvom
> totalitarismen er frivillig dumskap langt på vei.

Ideologien du er ute etter kallast avideologisering,
og slår faktisk begge vegar, i alle fall i forskarmiljøet.

Fred Singer er ikkje ein anerkjent forskar, same kor mykje det blir
hevda i media.

Dersom ein klimaforskar uttaler seg om politikk, må det
vere av typen. Vi må redusere utsleppet med xx % for å
oppnå "liten nok" endring. "Liten nok" er ofte
definert av oppdragsgjevar som ofte er ein politisk institusjon.

Det finst likevel også norske institusjonar som er interessert i
klimaendringar, og dersom du las på heimesida klimasida til dnmi,
så var det ein link til http://www.nilu.no/regclim/, som er ei side
for eit norsk klimaprosjekt. Som det meste anna er det spreidd ut
på ei rad med institusjonar
Under denne sida finn du mellom anna
http://www.nilu.no/regclim/presse/Default.htm som gjev liknande
tal og figurar som det svenske.

Meteorologar treng heldigvis ikkje sikkerhetsklarerast.
Stats(varslings)meteorologar må klarerast, og det var visst ganske
mykje diskusjonar når dei ansatte ein svensk meteorolog fyrste gong.

Sikkerhetsklareringa førte nok også til at det tok lengre tid før
DNMI hadde noko som helst offentleg på WWW.

Detaljrikdommen er derimot eit resultat av at alt skal økonomiserast.
Departementet, i dette tilfelle KUF, betaler for bestemte tenester
frå DNMI. Alt anna må kjøpast, og det gjeld overalt.

Etter å ha fått "maskinværkart" overført frå DNMI til universitetet
i mange år, blei det heilt slutt for eit par år sidan, med
mindre me kjøpte tenesta som alle andre.

Øyvind Seland
-Klimaforskar RegClim-



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:27 MET