Framvegar for Klassekampen

Svein Lund (sveilund@telepost.no)
Wed, 15 Jan 1997 00:42:37 +0100 (MET)

Framvegar for Klassekampen

Endelig har vi fått ein interessant og konstruktiv debatt om Klassekampen, ein
debatt som peikar framover. Dessverre ser det ut til at vi i dag bare har eit
forum for denne debatten, nemlig KK-forum på Internett. Eg gir mi fulle støtte
til Trond Andresen sitt ønske om diskusjon i styre og redaksjon, og blant KKs
eigarar og venner om strategi og om kordan utnytte skribentar og teknologi.
Problemet er bare at mange av dei som MÅ vere med i denne debatten nektar
å delta i han. Redaktøren svarar visst av prinsipp ikkje på kritikk. Taktikken
hans overfor alle forslag til ka avisa bør gjøre er å seie ja og meine nei.
Styret
synast å vere avgått ved døden, i alle fall politisk. Frå dei store aksjonærane
synast det å vere taust som i grava.
Har eg feil i noko av dette, så får dokker bevise det.
Vi er svært mange tidligare korrespondentar rundt om. Sjølv skreiv eg for KK
frå 1975 til 1995, da eg ga opp i frustrasjon over den politiske utviklinga av
avisa saman med behandlinga av korrespondentar.
Eg trur mange som meg kunne tenke seg å byrje å skrive igjen, nokon gratis
og nokon billig, men vilkåret er at redaksjonen behandlar oss som ein ressurs,
som samarbeidspartnarar og ikkje som ei plage. For min del kan eg melde
meg til å skrive gratis igjen om bare:
- Redaksjonen bryr seg om å svare på kritikken og legg fram eit truverdig
program for utbygging av avisa til bedre landsdekning.
- Avisa set seg som mål å komme tilbake til ein kulturpolitikk i samsvar med
avisa sin føremålsparagraf og viser teikn i den retninga.

Eg har ei rekke andre ønske for avisa og, men eg treng ikkje meir for å sette
igang og bidra. I såfall skal eg og love å forsøke å påvirke ei rekke
skriveføre
folk eg kjenner i Nordnoreg til å bidra.
Paul Bjerke har tidligare avslørt at han les KK-forum. No, Paul, har du ein
sjanse til å svare. Vil du at vi skal bry oss, eller er det beste at vi
brysomme
rundt i distrikta held kjeft og går i hi, seier opp abonnementet og nøyer oss
med lokalavisene.

Svein Lund, Guovdageaidnu