Re: Varsel om sletting av innlegg

Magnus Marsdal (marsdal@mail.norconnect.no)
Tue, 14 Jan 1997 14:25:21 +0000

> Hvis O.C. Hansen sender mer til KK-forum, vil jeg sette opp et filter som
> blokkerer hans innlegg fra å komme fram.
>
>

Tja, det er jo ikkje så lett dette med sensur eller ikkje då. Sjølv
tenkjer eg at det nok er lurt å la Hansen få litt meir "prøvetid" enn
eitt innlegg. Det vil ikkje vera skadeleg for KK-forum å få litt
variasjon i klientellet, overvekta av venstrevridde akademikarar
(truleg med skjegg) er STOR, og det er unekteleg noko "folkeleg" over
somme av argumenta til Hansen. (Sjølvsagt ikkje mindre galne av den
grunn.)

Kanhenda har nokre av oss berre godt av å få litt trening i å
argumentera mot slikt som Hansen presenterer, det handlar om trening
i å fungera ut over sin eigen raude andedam. Diverre er nok Hansen
meir "representativ" for Folket på nokre vis enn mange andre på
KK-forum.

Eg meiner berre klåre overtramp og sjikane skal kvalifisera til
sensur, og då skulle eg tru at Selbæk-Myhre si utskjelling av
kvjohans@online.no er ein langt betre kandidat en Hansen.

Helsing

Magnus Marsdal