Intervju med marxist fre Beograd

Radio RV (ta1011@sn.no)
Thu, 02 Jan 1997 19:02:53 +0000

Jau hau!
Vi snakka med ein fyr over telefon på Radio RV idag, som hadde ein liten
pause mellom demonstrasjonane der nede. Han er marxist, ein del har
sikkert lest noko av det han har skrivd i KK. Navnet er Ljubisa Raj=EDc og
han er professor i nordiske språk ved universitetet i Beograd. Det er
likevel skrivd ned og kan jo vera til interesse for nokon. Det skjer jo
på eit vis noko der nede.

ELS

-----------------------------------------------------------------------

Korleis vil du forklara det som no går føre seg i Beograd?

- Akkurat no er det gått nesten ein og ein halv månads tid sidan
demonstrasjonane byrja. Det er eigentleg ikkje nokre riktige
demonstrasjonar. Det er protestar. Folk går gjennom byen med piper og
horn, alt mulig for å laga lyd og på denne måten protestera mot at
regjeringa annulerte vala omlag samtlege stadar kor opposisjonen vann.
Det er ein fredeleg form for protest som styresmaktene ikkje klarer å
møta med direkte politivald, iallefall ikkje i større utstrekning. Det
minner mest om det som skjedde i Praha, berre med nokre skilnadar,
Beograd er trass alt ikkje Praha.

- Studentane protesterer også mot det same i tillegg til at dei har to
krav: at to rektorar, millom anna vår kommisariske rektor, skal
avsettast av di dei ikkje har solidarisert seg med studentane.

Korleis vil du karektisera fronten. Er det ein samla eller splitta
front?

- Ingen einskap råder mellom desse som er med i protesten. Protesten
omfatter no meir enn 20 av dei største byane i Serbia og det er
sansynlegvis opp imot ein 400.000 menneske som tek del i protestane.
Talet på byar kor det blir protestert aukar omlag dagleg. Einskap fins
berre kring eit punkt: at styresmaktene skal godkjenne valresultata og
ikkje fuska med dei og ikkje framstilla valresultata som ugyldege.
Ellers er det med på protesten folk med ytterst forskjellig politisk
bakgrunn og nasjonal bakgrunn. Dei som ikkje er med på protesten er
sjølvsagt regjeringspartiet og dei to støttepartia i tillegg til at ein
del ekstremt høgreorienterte parti og albanarane held seg totalt
utanfor. Det er ein protest som står over partipolitikken, ein protest
som går på at ein viss legalitet skal gjelda i samfunnet. Hvis det fins
nokre lovar som regjeringa har køyrt igjennom i parlamentet takka vera
fleirtalet så skal desse lovane overhaldast. Regjeringa har tråkka ned
på sine eigne lovar denne gongen.

No er det vel også eit par andre partar som ikkje er med på dei opne
protestane, t.d arbeidarklassen og bøndene. Kvifor er ikkje desse
gruppene med på aksjonane, er det redsel for endringar?

- Studentane er med i sin eigen protest som som sagt berre delvis fell
saman med opposisjonen sin protest. Saken er den at studentane
protesterer av reine prinsipielle grunnar. Det finst sjølvsagt mellom
studentane en masse som støtter nokre av dei partia som er med i
protesten, men fleirtalet av studentane høyrer ikkje til noko parti, og
vil heller ikkje høyre til noko parti. Skepsisen til partipolitikken er
ganske stor mellom dei.

- På de andre sida har vi arbeidarklassen som rett og slett er altfor
opptatt av å overleva. Dei fleste arbeidarane støtter sansynligvis
opposisjonen sitt krav, men dei er for trøtte og apatiske til å vera med
på ein aktiv protest. I fagrørsla er dessutan ein del vanskeleg ting.
Det finst fleire tusen fagforeingsklubber som ikkje har slutta seg saman
til ei større fagforeining, eller ein større einskap. Desse driv kvar
sin politikk. Arbeidarklassen er enormt splitta for augenblinken og
klarer ikkje eingong å formulera sine umiddelbare krav, krav om høgre
lønningar, betre arbeidstilhøve o.l. Desto mindre klarer dei å formulera
nokre felles politiske krav. Men arbeidarrørsla kjem så smått på gli.
Fleire og fleire arbeidarar, i det minste enkeltvis, støtter opp om
protestane ved å gå ut på gata. Men trass alt syner undersøkingar av
massane som protesterer at det stort sett er dei tidlegare mellomlaga,
intelektuelle med spesialutdanning eller høgre utdanning som utgjer
overvekta av protestantane.

No ser det også ut som om delar av opposisjonen stiller krav om meir
marknadsstyring. Kan ikkje det vera ein av fleire årsakar til at mange
arbeidarar ikkje er aktive i protestane, av di dei er redde for meir
marknadsstyring?

- Etter lange periodar med fare for statskapitalisme så utviklar det seg
normalt ei tru på at alt det som er motsatt av statskapitalisme er godt
og løyser alle problem. I lang tid har ein trudd at ein rein
marknadsøkonomi med fullstendig fritt spel for marknadslovane kan løysa
problemet. Denne trua byrjar slippa no. Ein rein marknadsøknomi er like
farleg for økonomien her som rein statskapitalisme. Men det tar
forferdeleg lang tid før arbeidarane, og dei andre i samfunnet, forstår
at dei einaste som tener på rein statskapitalisme eller rein
marknadsøkonomi er den nye overklassen som utgjer omlag 7-8%. Ein trur
ikkje så mykje lengre på at marknadsøkonomi løyser problemet.

Fins det utanlandske interessar som har gått inn etter at protestane
byrja?

- Ikkje direkte. Sjølvsagt er det ymse utanrikspolitiske interessar som
speler inn i dette biletet. Russland har støtta regimet her, meir eller
mindre direkte. USA har denne gongen vore kritiske til regimet, dei
andre landa freistar meir å spela ein meklarrolle. Ein kan kanhenda
ikkje finna fram til noko kompromiss mellom opposisjonen og regjeringa.
Førebels sit vi og ventar på å sjå kva rolle dei store inntar, skal dei
presse eller ikkje presse. Det dei fleste trur er at berre press frå dei
store maktene kan hindra regimet i å slå særs brutalt til med sine
titusener politifolk dei har konsentrert i dei ulike byane.

Kor står dei venstrekreftene som ikkje er lojale mot Milosevic?

- Milosevic sitt regime byrjar no også å mista støtte innenfor
statsapparatet. Av omlag 1000 dommarar har omlag 200 protestert mot
måten regimet handsamar domstolane på som eit lojalt og lydig
utøvingsapparat for styresmaktene sine ynskje. Det finst protestar også
i forsvaret, og vanleg politifolk som vi snakker med, lågre
politioffiserer som vi snakker med når vi er ute på gata og protesterer,
seier dei gjerne skulle ha slutta seg til oss om også dei andre gjorde
det. Dette regimet kan sansynlegvis falla saman hvis det blir så og si
spist opp innenfra som termittane et opp eit hus. Men førebels har dei
støtte frå forferdeleg mange pensjonistar. Dei har støtte frå store
delar av statsapparatet som er gjennomkorrupt og som ser eit høve til å
ha eit regime som gjer det mogleg for dei å halda fram med korrupsjonen.
Bøndene held seg rolege, som dei plar gjera i patriarkale, eller
halv-patriarkale land som Serbia er. Dei nasjonale minoritetane som
utgjer omlag ein tredel av folket her står litt på sida og ventar på å
sjå korleis utviklinga går. Dessutan er det ein del høgreekstreme og
nazistiske parti som står på sida med sin veljarmasse som ventar og ser
utviklinga an. Dei ser seg framleis mest tente med at regimet held fram.
Resten av folket protesterer, og dei spenner over eit vidt politisk
spekter frå særs høgreorienterte til særs venstreorienterte i tillegg
til ein del meir upolitiske.