Møhleisen for prostitusjon!

Radio RV (ta1011@sn.no)
Fri, 20 Dec 1996 19:31:10 +0000

Ei av heltane til delar av kulturredaksjonen i KK skriv i siste utgåva
av Morgenbladet eit interessant innlegg. Wencke Mühleisen, som til tider
har blitt løfta opp som målbæraren for ein sokalla "Ny-feminisme"(i
røynda ingenting anna enn eit reaksjonært forsøk på å gjera om porno til
eit spørsmål om tilfredsstilling av eigen attrå) klarer over ei side i
Morgenbladet både å forsvara prostitusjon som yrke på line med andre
yrker, og å redusera prostitusjon til å handla om moral.

Mühleisen meiner det er:"...bare et definisjonsspørsmål om forskjellen
på inntekt fra yrkesutøvere som masserer slitne kropper men unngår
ømtålig kroppssoner, og prostituerte som gir disse spesiell
oppmerksomhet. Jeg holder med likningskontorets informasjonsarbeider som
treffende slår fast: "Vi driver med skatt og likning og ikke moral." Så
sannelig, det skulle da bare mangle."

Derifrå er Mühleisen sin konklusjon klår:"Horer skal selvfølgelig betale
skatt som alle andre". At legitimering og legalisering av prostitusjon
får konsekvensar av typen redusering av kvinner til salsobjekt og at
mange kvinner blir mishandla på det grovaste, ofte av di dei ikkje har
noko anna val enn å prostituera seg, er tydelegvis ikkje så viktig for
Mühleisen så lenge den enkelte får ha retten sin til å gjera kva ein vil
ikkje blir tatt frå ein. "Det handlar jo berre om moral!?". Skal tru kor
Mühleisen kjem til å enda opp om ho held fram? Ein bør jo etter hennar
logikk legalisera kokain, heroin og anna dop så alle kan foreta eit
"fritt val"? Ein kan jo få inn skattepengar frå han som står i
skulegarden og sel dop til 13-åringane.

Det er kanhenda ikkje så rart Mühleisen ender opp med å meina det ho
gjer. Ho sit nok trygt på kontoret sitt og kan snekra den ideologien ho
vil utan at ho treng å sper beina for eit svett mannfolk som plukka ho
opp på gata. Om ho tar seg litt laurdagsdop for hygga si skuld vil ha
kanhenda gjera det utan problem =F3g. Problemet til Mühleisen er at ho
ikkje har noko klassestandpunkt og kan meina kva ho vil utan å bry seg
med kven som tener på det og kven som taper på det.

Problemet til venstresida i Noreg er at mange sokalla radikale er samde
med Mühleisen i særs mykje. Dei godtek det samfunnet vi har i dag sjølv
om dei tykkjer konsekvensane av det er jævlige eller "ekle". Dei ender
opp med å gjera om politiske spørsmål til å handla om den enkeltes
private moral. Porno blir frigjering av di dei sjølve får tilfredstilt
attråen sin, og prostitusjon blir arbeid på lik line med anna arbeid.

Dei har diverre ikkje lagt ut Mühleisen sin artikkel på nettet, så folk
som vil lesa skvipet må diverre kjøpa avisa.

Espen Laukeland-Stai