Kulturordskiftet og målstrid

Haakon Kolmannskog (nmu@idgonline.no)
Tue, 17 Dec 1996 12:15:15 -0800

Etter å ha fylgt med i ordskiftet om kultursidene i Klassekampen ei
tid= , og sidan mykje av ordskiftet har dreidd seg om språk og
språkbruk, tenkt= e eg at det kunne vera interessant å reisa det eg
tykkjer er det viktigaste språklege spørsmålet i Noreg;
målstriden mellom nynorsk og bokmå= l. (Her tek eg ikkje med den
rettvise og viktige striden for samisk språk).

Eg sender eit innlegg eg hadde i Klassekampen i førre veka. Språk
og kultur er spørsmål som tradisjonell marxisme har teke for lett
på, = og for oss som lever i seinkapitalismen (der kulturen verkar
som vare og ideologi) vert det serskildt viktig å ta stilling til dei
kulturelle stridane som gå= r føre seg no.

Ein av dei viktigaste stridane i Noreg er målstriden; kløyvinga
mello= m nynorsk og bokmål, og mellom det dominerande bokmålet og
dei norske målføra. Difor vil eg stilla eit spørsmål i tillegg
til innlegget nedanfor:

- Om det er slik at dialektundertrykkjinga held fram, mykje av di
bokmålet IKKJE har røtene i norske målføre men i
overklassesosiolekt frå O= slo, er det då ikkje rett og viktig at
venstresida klårt tek stilling for, og strid fram, nynorsk som
nasjonal og sosial frigjeringsreidskap?

* Håkon Kolmannskog *

Innlegget frå Klassekampen:

DEN STYGGE DIALEKTEN

I motsetnad til tidlegare, er det i dag på mange måtar "akseptert" å
tala
dialekt, og me har jamvel statsrådar som talar både om finansar og
vegutbyggjingar på sitt eige dialekttalemål. Bakgrunnen for at det i
stor
grad er "akseptert" å tala dialekt i dag, er mellom anna dei store
dialektaksjonane på 70-talet. Serleg målrørsla arbeidde mykje med å
gjera
det normalt og "lovleg" å nytta sin eigen dialekt, ogso når ein var i
Oslo
eller tala i offisielle samanhengar. Folk som har opplevd å få dialekten
sitt
retta på eller kommentert veit godt at ein har oppnådd mykje med desse
aksjonane, og at dette hadde mykje å seia for det kulturelle
sjølvbiletet til
folk i heile Noreg. Men å vinna retten til å nytta sin eigen dialekt
tyder ikkje
at ein har fjerna den språklege undertrykkjinga eller at folk faktisk
nyttar
dialekten sin.

Sjølv har eg nyss avslutta ein føredragsturne i Nordland der eg støytte

haldningar som syner at den språklege og kulturelle undertrykkjinga i
Noreg slett ikkje er borte, men berre har teke nye former. I kvar klasse
eg
heldt føredrag i, spurde eg kva dei tykte om å høyra sin eigen dialekt i
radio eller tv. Mest alle svara det same (anten dei kom frå Mosjøen
eller
Bodø): "Vi tykkjer det er flautt, heslig, stygt, ...". Dinest spurde eg
dei om
kva dei meinte ikkje var "flautt" å høyra: "Oslo-språk, bokmål,
austlandsk..", var svaret. Eg spurde dei òg om kva dei tykte om ungdom
som kom frå ein stad litt utanfor tettstaden eller byen dei sjølve gjekk
på skule i:
"Bønder og bontjuvar!", svara dei resolutt. Slike svar fekk eg både på
stader som Mosjøen, Sortland og Mo i Rana.

Ogso elevar frå til dømes Manglerud, Oslo aust, har gjeve meg dei same
svara på slike spørsmål. Dei kan fortelja meg at dei sjølve talar
"stygt",
medan det er folk på vestkanten som talar "pent" eller "korrekt". Når eg
spør dei om kva dei tykkjer om resten av Noreg er dei fleire som seier
det
same som dei i nord: "Bønder heile gjengen!".

Slik ser me altso at elevar frå so vidt ulike stader som Manglerud og
Sortland har nett dei same haldningane til sitt eige språk, og at dei
alle
saman har mælestaven på kva som eigentleg er "rett" i det normerte
bokmålet, talemålet i Oslo vest. Og alle som ein ser dei ekstra ned på
talemål og kultur frå mindre stader enn den dei sjølve kjem frå. Slik
kan det
ha seg at ungdom frå Mo i Rana ser på dei som kjem frå Korgen som
"bønder", elevane i Bodø tykkjer det same både om ungdom frå Korgen og
Mo i Rana, medan dei på Manglerud tykkjer heile hurven "luktar silo".
Det
vert nesten parodisk når ein oppdagar at elevane på Oslo Private Gymnas
(som er ein skule for elevar med ein del pengar, og stort sett har
elevar frå
vestkanten) tykkjer dei på Manglerud ogso er "vulgære" eller jamvel ei
form for "bønder".

Desse haldingane er sjølvsagt ikkje tilfellelege, men er knytte til dei
økonomiske og politiske tilhøva elles i Noreg. Dei som sit med økonomisk
og politisk makt, er oftast dei som har høve til å definera den rådande
kulturen (gjennom media, skuleverk m.m.) og dimed setja standaren for
kva
som skal vera "fint" og "stygt", dana og udana. Kulturelle ideal handlar
om kva syn ein skal ha på seg sjølv, og soleis er det klårt at dei som
har
makt tener på at det er deira kultur som er rådande og ideal for folket.
Når
Regjeringa no fører ein politikk for å liberalisera landbruket, og
soleis legg
ned hopetal med gardsbruk, er det sjølvsagt ein føremun om ungdomen
eigentleg ikkje tykkjer noko serleg om dei kulturelle røtene sine, som
til
dømes er knytte til å arbeida på gard og å bu på bygda. Når ungdom i
Noreg ikkje berre ser ned på seg sjølve, men ogso alle andre som skil
seg
frå Oslo 3, kan denne kulturelle undertrykkjinga halda fram, av di det
alltid
finst nokon som talar "styggare" eller er meir "bondsk" enn dei sjølve.

Kulturell undertrykkjing heng altso saman med politisk og økonomisk
undertrykkjing. Ei kvar rørsle som ynskjer å byggja noko nedanfrå er
nøydd til å skjøna denne politiske rolla åt kulturen, og må stø opp om
og
vera med på å arbeida fram kulturelle alternativ til dei rådande. (Det
kan jo
òg vera lurt å hugsa på når ein skal ordskiftast om kva kulturpolitikk
ei avis
som "Klassekampen" burde ha).

Noko av det som serpreger "annleislandet" Noreg mest, er det språklege
mangfaldet. Det er ikkje noko bakstreversk, reaksjonært eller udynamisk
med det. Ein ungdom som har ideala sine knytt til Coca cola og det å
vera
"hip" i Oslo - på bokmål - er ikkje "internasjonalisert" eller
"multikulturell"
ungdom, berre meir mobil arbeidskraft (tok du den, Hylland Eriksen?) +
Det å freista vinna folk for vyrdnad for eigen dialekt og kultur handlar
heller ikkje
om å "vera mot utviklinga". Det handlar om å arbeida for ei anna
utvikling
enn den me opplever i dag.