Kva er "Schengens kontrollorgan JSA"?

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Mon, 16 Dec 1996 17:45:27 +-100

Dette organet er kort omtala i siste nummer av "NTEU
informerer", i artikkelen om Datatilsynet. Eg spør om det
fordi eg arbeider med ein avisartikkel om Schengen og
hemmelege tenester, som oppfølging av det politiske oppgjeret
desse dagane. I den samanhengen er det sjølvsagt eit poeng i
kor stor (eller liten) grad det finst ein slags
parlamentarisk kontroll med SIS og Sirene.

Håpar at mange tek opp denne vinklinga akkurat no.

Lars Staurset