Kommentar til Trond Andresen

Roald Helgheim (roaldh@klassekampen.no)
Mon, 18 Nov 1996 16:36:15 +-100

Trond Andresen er ein av dei hyppigaste signaturane i Klassekampen. I KK-debatten er det få eller ingen som har hatt så mange innlegg på trykk i avisa som han. Han har starta eit KK-forum som han sjølv har kalla ein dundrande suksess, og dratt i gang ein debatt om avisa som resulterte i eit kjempemøte på asylet som alle som var der uansett syn på avisa tykte var bra. Likevel påstår Andresen, med tonefølgje av Steigan, som også har fått sine innlegg på trykk, at han blir trakkasert av KK, med utgangspunkt i TF-sida. I denne saka har TF slått til alle kantar,mellom anna med eit oppslag om eit samarbeid med Klar Tale om vanskelege kulturartiklar, og om at folk får hovudpine av å lese kultursidene (aprpopos oppslag i Dagbladet om kva folk får ilt i hovudet av). At ein som markerer seg så sterkt som Andresen også blir via merksemd, skulle berre mangle, og eg tykkjer med respekt å melde han er til det infantile hårsår i saka.
I kk-forum 17.11. gjer han eit nummer av at ingen har svara han på den store artikkelen i kk24. September om vold som nytelse og dei ynkelege moderne intellektuelle. Kven venta han svar frå? Kvar gong nokon kjenner seg personleg agripen av Andresen rykker han ut og seier at han har då ikkje gått til åtak på nokon personleg. Dette trass i at han driv ein vedvarande busakgitasjon t.d. mot kks filmanmeldarar. Men heller ikkje dei var den store artikkelen retta mot. Kvifor hissar han seg opp over Osmans spørsmål når han ikkje ein gong tar seg bryet med å svare, noko han ikkje har blitt nekta? I samband med filmvold hadde Kibar ein betimeleg omtale der han samanlikna den lumre, men stovereine Striptease mot den mykje meir seriøse Crash. Interesserer det Andresen? Dette viser at KK tar spørsmålet om, filmvald alvorleg. Kvifor ikkje vere konkret i staden for å syngje halvkveda viser? På Asylet gjorde Andresen først og fremst eit nummer av at han hadde sett estetiske analyser av billedbruk
en i ein valdsfilm. Er ikkje filmen eit bildemedium? Han gjorde også eit stort nummer av at Baudrillard ein gong skal ha sagt at Golfjkrigen ikkje fanst. Om ikkje Baudrillard er kompøett idiot, har han sjølvsagt brukt det som metafor i ein eller annan samanheng verken Andresen eller eg har undersøkt. Men har det vore KKs linje at Golfjkrigen ikkje fanst? Har KK applaudert Baudrillards utsegn om saka? Sjølvsagt ikkje. Kvifor brukar Andresen det som eit glansummer i eit innlegg alle må oppfatte som eit innlegg om KK? Det er dette eg kallar buskagitasjon, som Andresen gjer seg uangripeleg for avdi han ikkje nemner namn, og om han får svar kan seie at nei, eg har då ikkje gått til tal på nokon!
Eg går ut frå at grunnen til at ingen har svara på Andresens artikkel er at ingen personleg kjennner seg ramma av den karikaturen Andresen teiknar av ei viss gruppe intellektuelle. Det er ein måte å bruke stereotypiar om ei gruppe menneske på som er like reaksjonær enten ho blir brukt om intellektuelle, utlendingar eller andre SOM GRUPPE. Og eg tykkjer Andresen i denne artikkelen er så nær det historiske begrepet Entartete Kunst i omtalen av kunstneriske uttrykk han ikkje likar at det er djupt forstemmande.
Dette er min personlege kommentar til saka. Ikkje til KK-oppropet, men til Andresens innlegg. Redaktøren får svare for seg. Eg har ikkje deltatt i debatten i Klassekampen. Men om Andresen vil, kan eg gjerne ta på meg den svarte intellektuelle kappa for ein dag og gje han svar i full offentlegheit. Så får vi sjå.
Roald Helgheim