Opsjonelt_=28Gå_mann=21=29

Jon Hareide Aarbakke (jha@computas.no)
Mon, 18 Nov 1996 09:01:06 +0100

God morgen,
Etter mitt syn er vi no vitne til nok ein norsk såpeopera, soga om
Terje Rød Larsen og dei 600.000. Eller som han sa på radioen i dag
18/11: "alle tallene er riktige- 500.000, 600.000 og differansen mellom
dem, 100.000".
Eg synest det er ganske uinteressant det heile, av di det er ein moralsk
debatt om kven som kan tene kor mykje pengar før andre vert sure på
dei.
Det er _ingen_ utanom RV på stortinget som meiner det er noko galt i at
opsjonar i det heile finst her i verda, og i alle fall er det ingen som
har tenkt å gjere noko med dei, heller ikkje Jagland. Han er berre
oppteken av at ikkje Schnitler & Co skal tene FOR mykje, slik at
klassesamarbeidet raknar i saumane.
Difor finst det ikkje noko argument mot Terje, anna enn smålege. Vis
meg det mennesket som ville si nei til å ta imot ein gratisbillett til
eit lotteri (opsjon) med ei mogleg vinst på fleire hundre tusen ? At
Terje er "sosialdemokrat" er i denne samanhengen nokså uinteressant -
det ville vore meir interessant viss han var fransiskanarmunk.
Når så Petter Thomassen i P2 i dag morges ikkje kan "skjønne hvorfor
han fikk så mange penger for aksjer i et firma som nesten var fallitt",
då er vi langt over i det patetiske. Tenkt det, Hedda - det finst folk
som kjøper aksjar i selskap som sidan går konk.
Spar meg.

Eg gremmast,
Jon Hareide Aarbakke