Nokre_fakta_=28fra_Jørg_Westermann=29

Trond Andresen (trond.andresen@itk.ntnu.no)
Sat, 22 May 1999 13:29:24 +0200

Dette videresendes fra Jørg Westermann.

Trond A.

******************

For dei av dykk som ønskjer å ta del i den debatten som no er i ferd med å
utvikle seg, vil det kanhende vere av interesse å ha kjennskap til følgjande
tal for flytrafikken i USA, eit land som knapt kan seiast å ha gode
alternativ i t.d. snøgge tog.

Følgjande folketal står i Statistisk Årbok for 1998 og gjeld for byane inkl.
forstader pr. 1.7.96:

New York: 19,796 mill.
Los Angeles: 15,302 mill.
Chikago: 8,526 mill.
Washington DC: 7,051 mill.
San Francisco: 6,513 mill.

I følgje tal frå det US-amerikanske samferdsle-departementet (som diverre
ikkje er offentlege, men vert selde), var talet på flyreisande i 1998 på
nivået nedanfor. Her er trafikken til og frå Washington DC rekna over både
"DCA" og "BWI" (sistnemnde ligg ved Baltimore), likeeins som trafikken til
og frå New York er summen av trafikken på alle tre flyplassane, La Guardia
(LGA), Newark (EWR) og John F. Kennedy (JFK).

New York - Chikago: 3,89 mill.
New York - Los Angeles: 3,64 mill.
New York - Washington DC: 3,01 mill.
San Francisco - Los Angeles: 2,54 mill.
Chikago - Washington DC: 2,34 mill.
Los Angeles - Washington DC: 0,42 mill.

Oppgåvene gjeld all trafikk på rutene, altså inkludert dei som reiser vidare
med same eller eit anna fly til destinasjonar i inn- og utland. Det
forklarar det etter måten låge talet mellom Los Angeles og Washington DC.
Her reiser openbert mange via New York.

Til samanlikning var flytrafikken på utvalde samband i Noreg på følgjande
nivå i 1998. Folketalet burde vere kjent. Trafikktala kan ikkje samanliknast
direkte med oppgåvene for USA av di passasjertala, t.d. for Bergen - Oslo
inkluderer reisande som byter fly i Oslo og/eller Bergen, men ikkje dei som
t.d. reiser Bergen - Stockholm med mellomlanding i Oslo. Hadde ein rekna inn
desse, ville dei norske tala vore endå større.

Oslo - Bergen 1,284 mill.
Oslo - Trondheim 1,204 mill.
Oslo - Stavanger 1,072 mill.
Oslo - Møre og Romsdal 0,722 mill.

Bergen/Stord/Haugesund/Stavanger - Oslo/Sandefjord/Skien 2,865 mill.
Totalt på flysamband sør for Hardangervidda: 4,210 mill.

(Det synest relevant å slå saman nokre flyplassar i Noreg av di flyplassane
i USA dekkjer eit mykje større område enn i Noreg. Avstanden Bergen -
Stavanger er t.d. ikkje meir enn 150 km i luftline, og der har ein altså
fire flyplassar.)

Mvh.

Jørg Westermann
dagleg leiar
Sørnorske Høgfartsbanar