Re:_Spennende_jernbaneprosjekt_fortjener_støtte

Olav Randen (boksmia@online.no)
Sat, 22 May 1999 08:49:57 +0200

Eg set vanlegvis pris på distriktspolitisk nytenking, men dette har eg liten
tru på. Det å få eit noko mindre miljøskadeleg transportprosjekt
(Haukelid-banen) i tillegg til eit svært miljøskadeleg prosjekt (Gardermoen)
blir dessverre etter alt å dømme ei endå dårlegare miljøløysing enn berre
Gardermoen.

For det er ikkje slik at transportbehovet stig uavhengig av menneskes vilje.
Det er slik at transportbehovet stig fordi vi held til i eit samfunn som vil
ha meir transport av folk og varer. Fri flyt, som det kallast i EU- og
WTO-samanheng. I staden for å godta dette og lappe på det med å unngå dei
aller mest forureinsande transportmetodane, må vi ta eit oppgjer med det.
Framtidssamfunnet må basere seg på mindre og ikkje på meir reising og mindre
og ikkje meir varetransport. Det inneber

- at bedrifter (om dei absolutt må vere store og ha mange avdelingar) må ha
fleire møte og meir kommunikasjon med internett og video,
- at i staden for at folk frå Telemark og Hallingdal reiser til Bergen på
festspel, må dei få sine eigne festspel,
- at sjuke folk bør ha lokale sjukehustilbod,
- at arbeidsplassane blir flytte dit folk bur, slik at dei slepp å pendle,
- at når Brann speler neste kamp mot Strømsgodset i Drammen, må kampen
heller overførast til storskjerm og supportarane samlast i Bergen enn at dei
dreg over fjellet til Marienlyst stadion. Det gir mindre fyll og bråk attåt.
- at idrett i lågare divisjonar stort sett foregår på landsdels- og
regionplan,
- at når formannskapet i Bergen skal møte kulturministeren, dreg ho til
Bergen og ikkje heile flokken til Oslo,
- at godstransporten blir redusert gjennom lokal sjølvforsyning og at den
attverande går med bane eller båt (det speler vanlegvis mindre rolle om
varer bruker tre eller åtte timar på vegen),
- at riksaviser som skal til Vestlandet og blir skrivne i Oslo, blir sende
elektronisk til trykkeri på Vaksdal eller Voss, og at Bergens Tidende blir
sendt på same viset hin vegen,
- at bestemor i Oslo framleis må kunne reise til Bergen for å møte
barnebarna (men ho har tid til å bruke 7-8 timar under vegs).

Østerrikske Jørg Westermann, som Andresen viser til, hevdar altså at
nordmenn reiser over lange avstandar 8 til 20 gonger meir enn folk i andre
land. Eg trur tala er for høge (endå få ting er så omtrentlege som "andre
land"), men likevel. Føresetnaden for at prosjektet skal ha ein sjanse til å
lønne seg, er altså at reiseaktiviteten - og den forureininga som uunngåeleg
følgjer - blir driven ytterlegare oppover.

Ikkje synest eg det høyrest særleg sannsynleg ut at ein ny hurtigbane
Oslo-Bergen-Haugesund skal koste mindre enn Gardermo-flyplassen heller. Den
kom, viss eg har rett og Aftenpostens refererte artikkel tek feil, på rundt
30 milliardar. Men la gå. Av dei kalkulerte 25 vil 15-20 vere forureinsande
anleggsaktivitet og gi eit femti mil langt sår i landskapet. Resten vil vere
til produksjon og innkjøp av nytt togmateriell.

Olav Randen