Kven eig Kosovo

Olav Randen (boksmia@online.no)
Thu, 20 May 1999 18:41:39 +0200

La meg først repetere litt: Kosovo, som er på storleik med Buskerud eller
Akershus og hadde inntil i vår rundt 2 millionar innbyggjarar, var tyrkisk
til 1913, delt mellom Serbia og Montenegro til etter andre verdskrigen og
ein del av Jugoslavia etterpå. Frå 1974 var Kosovo ein relativt sjølvstendig
provins i Jugoslavia, men utan republikkstatus. I 1990 gjorde Jugoslavia
ende på provinsstatusen, med den formelle og truleg reelle grunngivinga at
dei frykta at Kosovo ville slutte seg til Albania. Ved folketeljinga i 1981
utgjorde albanarane snautt 80 prosent av innbyggjarane og serbarane 13
prosent. Attåt var det mindre grupper montenegrinar, tyrkarar, rom-folk og
muslimar frå Bosnia-Hercegovina.

Om vi ser bort frå indre delingar, finst det tre mogelege framtider for
området, eit sjølvstendig land, eit jugoslavisk (eller om ein vil serbisk)
Kosovo og eit albansk Kosovo.

For mange motstandarar av både NATOs og Serbias krigføringar, også for meg,
synest ein sjølvstendig, multietnisk kosovansk stat å vere den beste
løysinga. Men eg er svært usikker på om kosovoalbanarane og spesielt
UCK-geriljaen ønskjer det. Mykje tyder på at dei ikkje oppfattar seg som
kosovarar, men som albanarar, og at deira målsetjing er at området skal bli
ein del av Albania. Viss det er slik, er UCK ikkje å oppfatte som ei
nasjonal frigjeringsrørsle, men som ein geriljahær som kjempar for ei anna
tilhøyrsle. Våpenhjelp og anna støtte til UCK er i så fall støtte til eit
stor-Albania.

AKP til dømes argumenterer iherdig for at støtte til UCK er støtte til
kosovansk sjølråderett (sjå tidlegare appell frå Jorun Gulbrandsen på dette
forumet eller innlegg frå Tron Øgrim i Klassekampen tysdag). Men eg saknar
dokumentasjonen og trur dei driv utillateleg forenkling.

Eg tolkar altså dei rådande synsmåtane slik at dei mest sannsynlege
alternativa er eit serbisk og eit albansk Kosovo, og at eit sjølvstendig
Kosovo er ei mindre sannsynleg framtid. Kom gjerne med innvendingar og
dokumentasjon frå UCK eller andre som viser at eg tek feil. Men viss
oppfatninga mi er rett, er det behov for å diskutere kven som eig eller bør
eige Kosovo. Spørsmålet gjeld både historie, demografi og folks
oppfatningar.

Serbarane hevdar at deira forgjengarar slavarane kom til Balkan frå aust i
sein folkevandringstid. Dei slo seg ned i det tome Kosovo, eller dei dreiv
vekk tidlegare innbyggjarar der, det fortel ikkje historiske kjelder. Dei
forsvara området mot bulgarske stammer i mellomalderen, bygde ut
næringslivet og gjorde attåt området til eit religiøst og administrativt
sentrum, men leid altså nederlag mot tyrkarane i 1389. Det ottomanske riket
var ei fjernstyring, og i ly av det kom albanarar på 1600- og 1700-talet med
eit medvite mål om å trengje serbarar vekk frå Kosovo. Dette arbeidet har
halde fram like til i dag og med hjelp frå tyrkarane før 1913, frå Italia og
Tyskland under andre verdskrigen og frå NATO i dag. Dette inneber at når
albanarane er i fleirtal, er det ikkje fordi dei har historisk heimstadrett
der, men i staden som eit ledd i ein systematisk og iherdig
koloniseringspolitikk først og fremst frå albanske styresmakters side.

Det at serbarane har vorte utdrivne frå andre landområde, spesielt frå
Kroatia, og at dei med beiske røynsler frå to verdskrigar og like inn i
dette tiåret tydeleg stormaktsfavorisering av Kroatia, har forsterka det
serbiske ønsket om og behovet for å tvihalde på Kosovo.

Den albanske historievarianten er ein heilt annan. Deira forfedrar,
illyrane, kom alt i førkristen tid til Balkan og til Kosovo-fjella. For det
om lite er nedskrive, slik det vanlegvis er når det gjeld fjellfolk og
nomadar, har Kosovo vore ein sentral del av deira buområde gjennom både den
såkalla storserbiske perioden i mellomalderen og det ottomanske riket. Då
stormaktene delte Balkan etter eige skjøn på London-konferansen i 1913, vart
det albanske folket fråteke ein sentral og historisk viktig del av landet
sitt. Seinare har dei vorte utsette for forfølgingar frå serbiske
styresmakter i Kosovo. Difor dreiar kampen seg no dels om å bøte på gammal
urett.
Det er vrient å velje mellom desse historievariantane. Begge har etter det
eg skjøner langt på veg rett og grunnlag for sine oppfatningar. Serbarar og
albanarar har brukt same vogga, for å skrive det slik.

Det er ikkje så rart. Spør kven som er urfolk på den norske delen av
Nordkalotten av samar, kvener og nordmenn, og du vil finne noko av same
vanskane med å gi eit eintydig svar. Den som trur serbarane er spesielt
aggressive overfor andre folkeslag, kan også lese norsk og svensk raseteori
(av framståande forskarar) frå tjue- og tredveåra og vil sjå at samar og
kvener og tornedalsfinnar vart stempla som forfallen lågrase i Norden.

Kva så med folkesetnaden. Når det er (var før utdrivinga) 80 prosent
albanarar og 13 prosent serbarar, må då spørsmålet vere greitt. Fleirtalet
må rå.

Og sant nok, grunntanken bakom nasjonal sjølvråderett er at det må vere
innbyggjarane i eit område sjølve og ingen makt utanfor som avgjer korleis
dei vil ordne seg. Men det er ikkje alltid så greitt. La oss tenkje oss
Svalbard, der det no er noko fleire nordmenn enn russarar. Viss russiske
styresmakter dei neste fem åra tredoblar den russiske busetnaden på øygruppa
og dinest krev ei folkerøysting om kva land Svalbard skal høyre til, er
resultatet gitt. Men nordmenn flest ville protestere og hevde at av
historiske grunnar (og fordi russarane hadde brukt tilflytting som
erobringsmetode,) er Svalbard norsk land. Ei liknande problemstilling var
oppe på Falklandsøyane utanfor Argentina først på 80-talet, der
Storbritannia hevda og førde krig med den grunngivinga at fordi fleirtalet
av folket var britar og ønskte britisk tilhøyrsle, måtte det avgjere.
Liknande problem gjeld sjølvsagt forholdet mellom Israel og Palestina.

Dersom serbarane altså har rett i at grunnane til at albanarane er i
fleirtal i Kosovo dels er at dei har pressa seg inn og dels at dei har
pressa vekk serbarar, gir ikkje det nokon god legitimitet til eit albansk
Kosovo.
For meg verkar det som om Albania iallfall ikkje har meir rett på Kosovo enn
det rest-Jugoslavia har. Politikken til antikrigsrørsla kan difor ikkje vere
å gi reservasjonslaus støtte og våpenhjelp til UCK-geriljaen. Med dei mange
såra krigane har ført til, vil makt til UCK-geriljaen truleg føre til både
eit albansk Kosovo og at den etniske reinsinga av albanarar blir bytt ut med
ei etnisk reinsing av serbarar.

Dette inneber at støtte utanfrå og internasjonalt meklingsarbeid må byggje
på eit ønske om val mellom to alternativ, arbeid for å gjenopprette provins-
eller gi republikkstatus til Kosovo (innanfor rest-Jugoslavia, men med
størst mogeleg sjølvstende) eller oppretting av ein kosovansk stat.

Olav Randen