Svar_på_humbug...

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 13 May 1999 16:28:38 GMT

... var: Re: Virkningen av ambassadebombingen

Karsten J.:

>Garvik refererte uten ett ord til kritikk een blant kanskje 25 teorier som
>nå florerer rundt denne begivenheten. .......
>
>Derimot har han intet tilløp til argumenter mot hverken det jeg
>eller Alf Lund har skrevet. .......

Du skuldar meg for mykje, slikt som eg sjølv vil karakterisere som humbug.
Kva vil du eg skal seia? Kvifor skal eg måtte "svare på" eitt og alt? Det er
ikkje eg som fører krig. Eg høyrer ikkje til Nato. Eg står ikkje ein gong i
dei militære rullane lenger. Kutt ut dette vrøvlet ditt om at eg er Nato sin
talsmann. Det blir keisamt i lengda. Eg korkje hissar til krig, eller
applauderer for bombinga. Det er ikkje det det er snakk om. Du er vel ikkje
tjukkare i hovudet enn at du forstår det etter 50 dagars diskusjon. Er du
ute etter å provosere, kan du berre spare deg.

Eg finn ambassadebombinga relativt lite interessant - har eg rett til det?
Vitjinga til Schröder blei ikkje avkorta likevel. Kinesarane forlangar ikkje
lenger ei offisiell orsaking frå USA, heller ikkje ekstraordinært møte i
Tryggjingsrådet. Livet går vidare. USA er korkje meir, eller mindre
imperialistisk. Ein ser tidlegare tendensar koma til overflata att i Kina:
Den paranoide ideen om strategisk omringing (aksen Washington-Tokyo-Taïpeh)
har ei viss oppblomstring. Jiang Zemin var i Italia då Nato-aksjonen byrja,
og hudfletta "kanonpolitikken" til Vesten. Han bruka her eit koda språk som
han veit går rett heim i den kinesiske opinionen. Men samstundes har ikkje
det kinesiske regimet interesse av eit brot i det kinesiske-amerikanske
forholdet. Det har enda stort behov for overføring av teknologi som er
nødvendig for økonomisk utvikling, særleg i den aktuelle situasjonen med
svakare vekst. Regimet er relativt stabilt og kontrollerer situasjonen. Den
folkelege antiamerikanismen er tosidig, han kan også rokke ved regimet om
han kjem ut av kontroll. Dette veit dei sjølvsagt, og visepresidenten, Hu
Jintao, sa det også i klårtekst på tv søndag kveld då han oppfordra
kinesarane til å "hindre visse i å utnytte dette høvet til å skape uro i den
sosiale orden." Bla-bla-bla. Ein kan skrive side opp og side ned om dette,
men for meg er det utanomsnakk.

Eg finn meir interessant det som skjer i Russland. Utskiftinga av ein
relativt populær statsminister, med ein lite populær, "hard", tidlegare KGB,
hjernen bak krigen i Tsjetsjenia... Det faktum at den russiske staten
offisielt framleis har ein president som er heilt udugeleg, ustabil,
uforutsigbar, med ein statsstruktur som inkluderer mafiaen, med kraftig
oppsving av den raud-brune alliansen. Dette har meir å seia for "framtida"
enn den ulukkelege bombinga av den kinesiske ambassaden, anten det no var
eit feilgrep, eller ikkje (den greske avisa Athinai seier forresten no at
ambassaden blei bomba med vilje fordi amerikanarane trudde Milosevic gøymde
seg der...ingen kommentar).

Dette med at eg skulle vera ukritisk til Nato, eller "propaganderer i denne
sak enstonig for USAs versjon av det meste, langt mer enstonig enn de fleste
NATO-avisene jeg har lest...nesten like enøyd som McCarthys kommentarer
under Koreakrigen, NKPs under krigen i Afghanistan eller AKPs under samme",
let eg berre stå. Det er for dumt til å kommentere. Du må prøve å ta deg
saman, Karsten, elles endar du opp saman med Lydersen.

>Jeg kan f.eks. se, at det kunne ha noe for seg å samle inn penger til
>våpen til deler av UCK og andre kosovoalbanske grupper, gitt at visse
>betingelser er oppfylt, dvs. at ved minste tendens til terrormetoder
>eller etniske overgrep fra disse gruppene stoppes hjelpen øyeblikkelig,
>det samme hvis det dokumenteres at de mottar narkopenger.

Korleis vil du gjera dette i praksis? Du teoriserer og gjer det komplisert.
Du vender heile tida attende til narkopenger når det blir snakk om UCK, men
har du ikkje tenkt på at den kosovoalbanske mafiaen har blitt jaga frå
landet sitt saman med dei andre, og har overlatt plassen til serbisk mafia.
Desse siste er assosiert med mafiabandar i Makedonia og vil kontrollere
Montenegro. Det er den løynde sida av krigen. For Makedonia går den einaste
vegen til Adriatarhavet gjennom Albania. Og det er den sikraste vegen
for transport av narkotika og smuglarsigarettar. Men etter ein månad med
bombing og etnisk reinsing har nesten alt forandra seg i den mørke
smuglarverda. Tidlegare kom narkotikaen frå Bulgaria til Makedonia, og heilt
til for ein månad sidan, tok ikkje smuglartrafikken omsyn til etniske og
religiøse forskjellar: Varene kom frå ein islamsk mafia, gjekk i transit via
den
islamske kosovoalbanske mafiaen som førte dei vidare til Albania ved hjelp av
ortodoks slavisk mafia. Kosovarane er så godt som ute av Kosovo, og dei
ortodokse slaviske bandane har tatt over. Risikoen er at narkotikaen omgår
den albanske etappen, og går direkte til Montenegro. Dette gir ei forklåring
på det serbiske presset på Montenegro: Det er heilt avgjerande å kontrollere
hamnene og grensene, som er kjelde til stor profitt. Men montenegrinarane
vil ikkje gi frå seg kontrollen med smuglarvarene. Interpol har kalkulert
gjennomsnittsverdien av inntektene til 60 millionar dollar i året. Det er
heilt klårt at dei ikkje vil la seg ribbe liksom kosovarane...

>Deler av UCK
>er sikkert rimelig OK og langt å foretrekke for Tsjetniker osv. Men det
>er liten tvil om at andre tendenser også finnes, og en demokratisk
>venstresides oppgave bør være å motarbeide disse eventyristiske
>og nasjonalekstreme gruppene.

Det er lettvindt å koma med slike krussedullar. UCK er no den einaste rørsla
som har legitimitet blant kosovoalbanarane. Rugova dumma seg ut, og har mist
mykje av legitimiteten sin. No er han ein blant fleire aktørar. Han kom til
Roma 5. mai etter fleire vekers serbisk husarrest i Pristina. Milosevic
ringde til Lamberto Dini (den italienske utanriksministeren) 4. mai for å
informere denne om at han gav sitt samtykke til denne "frigjeringa"
(samstundes med at Russland og Vesten var i ferd med å stable på beina ein
diplomatisk utveg på konflikten). Både den italienske regjeringa og det
katolske samfunnet Sant'Egidio har heilt sidan konflikten tilspissa seg,
arbeidd for å få Rugova ut. Det var reportasjar på tv om dette same dagen,
og i Le Monde for 7. og 8. mai finn ein fleire artiklar om den framtidige
rolla til Rugova etter "frigjeringa". I italienske aviser blir nokre av
utsegnene til Rugova refererte. La Repubblica siterer kjelder nær Massimo
D'Alema og Lamberto Dini, som siterer Rugova: "Redd folket mitt. Gjer det
ved å sende ein internasjonal styrke til Kosovo, få i stand ein politisk
avtale med Milosevic; men aksepter inga våpenkvile utan at det er komne
klåre signal frå Beograd. Eg vil ha ein rettferdig fred." I Corriere della
Sera er tittelen: "Eg har sett landet mitt bli tømt, eg er ingen forrædar".
Den kosovoalbanske leiaren skal også ha sagt at "å bli verande [i Kosovo]
har inga meining". Lamberto Dini seier til La Repubblica at Ibrahim Rugova
"ikkje er komen med nokon som helst plan eller meklingsforslag av noko slag;
han har moderate, balanserte idear, i nærleiken av dei som den italienske
regjeringa forfektar, for ei politisk løysing av krisa. Ei løysing som krev
eit skritt frå Milosevic si side".

Dei kosovoalbanske instansane blei litt perplekse av reisa til Rugova og
familien hans. Hysen Gervalla, formann i den sveitsiske delen av partiet til
Rugova, den Demokratiske Ligaen i Kosovo (LDK), seier at han ikkje veit
"kvifor Rugova er i Roma, heller ikkje kva som er målet hans. Så lenge
Rugova var serbisk gissel i Pristina, hadde ikkje fråsegnene hans nokon
verdi. Dei komande standpunkta hans vil å vise om han har noka framtid på
den politiske arenaen. I verste fall kan LDK fungere utan Rugova no når alle
leiarane er ute av Kosovo."

Baton Haxhiu, sjefsredaktør i Koha Ditore, er ein moderat, og seier til den
sveitsiske avisa Le Temps: "Eg veit ikkje kvifor Rugova er i Roma. Men ein
ting er sikkert: Dersom han skriv under på noko som helst med Sant'Egidio,
den italienske regjeringa, eller andre, vil dette ikkje vera akseptabelt for
albanarane [frå Kosovo]. Politisk har Rugova alltid vore naiv, og eg trur
han framleis er manipulert, at Beograd har fått til ein avtale med han. Ein
kjenner att metoden til Milosevic: fornedre folk og sidan forhandle med dei."

UCK har gjort til kjenne sitt syn gjennom representanten sin i Kukës, Ansa
Gani Sulaj: Sjefen er no Hashim Thaqi (som også leia delegasjonen i
Rambouillet). I Tirana seier formannen i den utanrikspolitiske kommisjonen i
det kosovoalbanske "Parlamentet", Sabri Godo, [i følgje byrået Ansa] at
Rugova "ikkje har noko mandat frå dei andre politiske kreftene i det
kosovoalbanske samfunnet" i høve til eventuelle forhandlingar."

Nok ein gong let eg vera å kommentere. Eg er trøytt av all denne
intellektuelle poseringa, poleringa av argument og den ørkeslause, retoriske
runddansen, men det skal eg skriva meir om i neste innlegg.

Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> hebergement/emails/abonnement INTERNET !