Re: Mer om serbisk opposisjon

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Mon, 10 May 1999 09:30:20 GMT

Karsten J.:

>Garviks frekkhet består i å late som om
>jeg støtter disse og som om den demokratiske opposisjonen i Serbia har noe
>til felles med disse personene.

Dette er feil. Eg har ikkje sagt at du støttar Seselj og Draskovic. Dei du
kallar den "demokratiske opposisjonen" stod rett nok saman med Draskovic for
tre år sidan. Den "nye opposisjonen" (deler av den gamle), har truleg
ingenting med minister Draskovic å gjera. Men kva fortel det?

>Han vil dessuten spre et bilde av alle
>"serbere" som gale og onde og av at egentlig opposisjon ikke finnes, ved å
>sette opposisjon i hermetegn.

Eg set "opposisjon" i hermeteikn, liksom eg set "venstresida" i hermeteikn.
Det er mange som proklamerer seg inn i desse kategoriane. Så mange at orda
blir utvatna...

>I hvis interesse er det at vi ikke skal kjenne til eksistensen av serbere
>som er mot regimet? Som ønsker forsoning med kosovoalbanerne og har
>arbeidet for dette lenge?

Har eg nokon gong hindra deg, eller andre i å informere om eksistensen av
"opposisjonelle" serbarar? At dei no ynskjer forsoning med kosovoalbanarane
er vel og bra, men dei har ikkje snakka om dette før. Kosovoalbanarane var
ein pariakaste i det tidlegare Jugoslavia, og undertrykkjinga av dei har
vore ein raud tråd i politikken til Milosevic. Ingen (?) skreik opp om
dette. Ein høyrde ingenting (?) om det vinteren 96-97. Les boka til leiaren
den gongen, Vuk Draskovic, "Kniven", så forstår du litt meir av det eg snakkar
om. Du seier "opposisjonen", eller deler av denne har arbeidd for forsoning
lenge. Kan du vise meg døme på dette? Om du ikkje kan det, held eg fram med
påstanden min om at dette er pynting på røyndomen.

>Garviks målsetting synes å være å øyeblikkelig spre giftig
>mistenkeliggjøring mot enhver ytring fra serbere eller NATO-kritikere
>uansett innhold.

Eg ser nyansar i standpunkta, men eg ser først og fremst at
"antikrigsrørsla", inkludert deler av den internasjonale "venstresida",
inkludert deler av den serbiske "opposisjonen" og andre som står hand i hand
over bruer i Serbia, fungerer som støttespelar for politikken til
Milosevic-regimet. Argumentasjonen rettar seg i hovudsak mot det
imperialistiske USA/Nato som hovudfiende, og så finn ein forskjellige
krumspring for å pakke inn "offeret". Det kan vera banale og inkjeseiande
utsegner som: "Serberne er også mennesker." til meir rabiate
forvrengingar som at det er tale om "en krig mellom UCK og serbiske
politistyrker der sivilbefolkningen som vanlig kom i klemme." Sjølvsagt tar
ein avstand frå Milosevic (dei fleste - renessansen til NKP i denne saka
sørgde likevel for at det offisielt ikkje var parolar mot den serbiske
terroren i den første "store" demonstrasjonen mot krigen i Oslo.)

Visst har du, Karsten, tatt avstand både frå Milosevic, Seselj og
Draskovic..., men er dette noka stor bragd? Det er ein sjølvsagt ting for
alle som vil seg til "venstre", og som vil bli tatt alvorleg! Problemet er at
filtreringa av hendingar, hangen til å nøytralisere overgrepa til det
serbiske regimet ved å halda fram den amerikanske ørna, eller UCK. Korleis
kan ein ramme alvor stille ei heilt underlegen motstandsrørsle på same nivå
som dei fem gonger så talrike styrkane til den serbiske staten (inkl.
forskjellige paramilitære bandar)? Kvifor freista å mistenkjeleggjere denne
rørsla når ho slost i retrett med ryggen mot veggen? Korleis fungerer dette?
Det passar sjølvsagt midt i blinken for Milosevic og regimet hans! Same om
Karsten og andre vil det eller ei, er denne argumentasjonen med på å stø opp
om den offisielle serbiske propagandaen. De har hamna i fella til eit regime
som alltid har hatt ein klår tale og klåre handlingar. Dette har de diverre
felles, den internasjonale "antikrigsrørsla", den norske, NKP, AKP, deler av
RV og SV, nokre uavhengige, til og med du, Karsten... du fører fram om lag
same type standpunkt som dette E. S. Underlid kom med:

>Konklusjon: Det foregår overgrep på begge sider, og disse må fordømmes.
>Men jeg synes du burde innta en langt mer kritisk holdning til
>NATO-propagandaen.

Ein kan ikkje vera nøytral i krig. Sverige og Sveits var "nøytrale" under
andre verdskrigen, men i ettertid har me sett kva innhaldet i denne
"nøytraliteten" var.

I dag endar det i praksis opp med: Heller Milosevic enn USA/Nato. For det er
det som blir essensen når ein ser nærmare på standpunkta til
krigsmotstandarane. Korleis kan det ha seg at ytre venstre og ytre høgre
står saman i denne saka? Korleis kan det ha seg at krigsmotstanden i USA
mellom anna har sitt utspring i sterkt høgreorienterte krinsar i det
Republikanske partiet, rundt folk som Trent Lott og Oliver North, den sterke
i CIA under Reagan, og opphavsmannen til det katastrofale våpensalet til
Iran for å finansiere Contras-aksjonane i Nicaragua?

Ein såg konturane av eit nytt Bosnia teikne seg i Kosovo. Det ville vera
politisk vanskeleg nok ein gong å sitje unnfallande i New York, Brussel,
Paris, London og Berlin. Difor bestemte dei seg for å gripe inn. Sjølvsagt har
stormaktene no som før imperialistiske interesser, men desse er underordna i
dette høvet, liksom dei var underordna i 1939. Trond Andresen har heilt rett
når han seier:

>Jo mer dette utvikler seg, jo mer framstår "venstresida" for meg på samme
>måte som NKP under okkupasjonen, før Tysklands angrep på Sovjetunionen.
>"Venstresidas" opportunistiske usynliggjøring av kosovo-albanerne, og
>mistenkeliggjøringa av deres rettferdige kamp for sitt land og sin frihet,
>kan bli like vanskelig å ro seg unna seinere.

Denne krigen har reinska lufta på ein måte. Gamle konstellasjonar har
oppstått i ny form. Pasifistar, "sosialistar", "kommunistar" og krefter
ytterst til høgre deler standpunkt, om dei ikkje nett marsjerer hand i hand...

>Hvem som enn kommer med meldinger her som ikke passer i
>hans nasjonalistiske og krigerske hets rundt begivenhetene, følges
>øyeblikkelig og omtrent før noen har rukket å lese det sendte av "haler" fra
>Garvik.

Eg har alt uttala meg om forskjellige former for "nasjonalisme". Finn på
noko anna, Karsten. Eg sit aleine midt i Frankrike og diskuterer marginale
synspunkt med eit lite mindretal av "venstreradikale" i Noreg. Dette forandrar
sjølvsagt ikkje verda. "Antikrigsrørsla" er ei marginal rørsle, eit lite
mindretal av forvilla rabulistar. Eg gjer dette av glede, kanskje også for å
prøve å forstå mi eiga fortid. For 25-30 år sidan hadde eg kanskje stilt opp
i "demonstrasjon mot krigen". Sidan den gongen har eg utvida horisonten. Eg
har den same grunnhaldninga til fridom og rettferd, forskjellen er at alt er
blitt mykje meir nyansert.

>Jeg kan ikke se at det kan ligge noen form for sosialistisk politikk
>i en virksomhet som betjener seg av etniske karikaturer og grov fordreining
>og mistenkeligjgøring og hvis fremmeste mål synes å være å dokumentere, at
>serbere og albanere er fødte dødsfiender ...

Veit du ikkje kva du skal seia lenger? Eg byrjar å lure når du kjem med
slikt tøv. Eg held meg til røyndomen, og ting eg sjølv har observert:

1) Albanarane var undertrykte i Jugoslavia, og har som folk blitt utsette
for overgrep i svært lang tid. (Det albanske spørsmålet har heller aldri
fått ei varig løysing på den internasjonale arenaen.)

2) Det serbiske regimet har dei siste 10 åra ++ basert politikken sin m.a.
på den demagogiske ideen om ei "nasjonal, serbisk vogge i Kosovo".
Albanarane stod i vegen, og måtte "flyttast". Dette har skapt vanskar for
sameksistens i lang tid framover. Milosevic-regimet er ansvarleg for dette.
Serbarar og albanarar er sjølvsagt ikkje "fødte dødsfiender". Kor hentar du
det frå?

>Og at deres "nasjon burde vore vingeklipt". Han er altså ikke ute etter den
>stats-maskine som behersker vanlige mennesker i Serbia, men etter selve deres
>"nasjon". Jeg skal hilse og si den er blitt "vingeklipt".

Eg er ikkje sikker på det, men eg vonar han blir det! Det nasjonale grumset
som Milosevic og riddarane hans har rørt opp, forsvinn nok ikkje av seg
sjølv. Eg er for å gi serbarane gode filter, fortelje dei sanninga om dette
utan omvegar, same om det er pinefullt for dei. Resten får dei gjera sjølve.

Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone