Russisk presse forutser...

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Sun, 9 May 1999 15:03:53 GMT

...den nært foreståande avsetjinga av Primakov. Frå Le Monde (François Bonnet):

"Langt frå krigen i Kosovo og dei diplomatiske transaksjonane rundt denne,
forvist til ein liten plass nedst på sida, undersøker no den russiske
pressa med lupe i hand den meir og meir spente relasjonen mellom presidenten
Boris Jeltsin og statsministeren Evgueni Primakov. For fleire av dagsavisene
er terningen alt kasta: Herr Primakov vil bli avsett innan kort tid. Det
kjem til å skje "mellom den 10. og 12. mai", meiner avisa Vremia. Denne
avisa legg til: "Innan ei veke vil Russland ha ei ny regjering. Dette blir
sagt heilt openlyst i Dumaen, i det Kvite Huset (regjeringsbygget) og i
alle statlege instansar."

Liksom i den sovjetiske glansperioden, må det nokre sterke signal til for å
annonsere at einkvann har falt i unåde. I fordums tid hadde me fotografia
av Politbyrået som samla på toppen av Leninmausoleet fylgde militærparadane
på den Raude Plassen: Alt etter kva plass dei forskjellige hierarkane hadde,
kunne ein gjette seg til dei rådande maktforholda i toppen av det sovjetiske
kommunistpartiet.

Boris Jeltsin gav seg dette spelet i kast på eit møte onsdag 5. mai som samla
ministrar og religiøse representantar for å førebu feiringa av "2 000 år med
kristendomen". Forskjellige fjernsynskanalar har fleire gonger vist
sekvensen. Ein ser Boris Jeltsin byrja talen sin for så å stanse midt i ei
setning. I ei trykkjande stille ser han lenge på dei som sit rundt det
store, runde bordet. Alvorlege blikk til høgre og til venstre, og det er
heilt stille ei stund medan alle sit med urørlege andlet.

"Dei sit ikkje slik dei skal", murrar brått presidenten. "Stepachnin er
første visestatsminister. Sergueï Vladimirovitch, flytt plass!" Skraping med
stolar, uro blant ministrane... Sergueï Stepachnin, innanriksministeren, som
blei forfremma til nummer to i regjeringa for ti dagar sidan, skundar seg
med å setje seg ved sida av Evgueni Primakov, som sit til venstre for
presidenten. Som avisa Sevodnia seier det, sat han [Stepachnin] tidlegare "i
Kamtchatka", namnet på den russiske provinsen som ligg lengst frå Moskva,
dvs. om lag ti stolar frå Boris Jeltsin.

Presidenten var ikkje ferdig med oppvisinga si med dette. Då Evgueni
Primakov tok ordet, og med tung røyst las ein trykt tekst, gav Jeltsin seg til
å stønne og vise fleire teikn på irritasjon. Her sluttar dei russiske
tv-bileta, og kommentarane til dei russiske avisene byrjar. For Sevodnia "er
det klokt å seia at det var nok eit teikn til Primakov, sjølv om denne ikkje
rørde ein einaste ansiktsmuskel." For Moskovskii Komsomolets er Sergueï
Stepachnin "favoritten som skal erstatte statsministeren, det er denne ein
no må forhalde seg til".

Og om ikkje denne oppvisinga var nok, slår Oleg Soussouïev, ein av dei
viktigaste politiske rådgjevarane til Boris Jeltsin, inn spikeren i eit
intervju med Kommersant. "Ingen statsminister er uerstatteleg. Det er ingen
tvil om dette", seier han. "Dette gjeld for Evgueni Primakov. Eg trur
presidenten har ei namneliste over personar som kan erstatte kven som helst,
inkludert statsministeren." "Primakov er ikkje messias," sa rådgjevaren til
slutt."

(omsett frå fransk av Oddmund Garvik)


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone