Re: Mer om serbisk opposisjon

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Sat, 8 May 1999 16:41:39 GMT

Karsten J.:

>Nå er det jo ikke mer en to dager siden jeg la ut en "appell om forsoning
>fra serbisk opposisjon", faktisk samtidig med innlegget Garvik kastet seg
>over. Har ikke Garvik fått den? Jeg siterer her bare innledningen:

>Serbische Oppositionsgruppen formulieren
>Versöhnungsappell
>
>Liebe albanische Freunde, wir schreiben Euch in diesen schwierigen
>Zeiten gemeinsamen Leids...

Jaudå, eg fekk meldinga di, men det er fyrste gongen på mange år at ein
høyrer slike tonar. Krigen går i ei lei der visse personar i denne
"opposisjonen" finn det opportunt å koma ut av hola sine for ikkje å
risikere å tape andlet. Dei har kanskje forstått at timen deira er komen, og
treng nokre alibi for framtida... Eg deler elles synet til Slavenka Drakulic
i dette spørsmålet. Den serbiske nombrilismen/offertenkjinga er ikkje av ny
dato. Denne slo meg alt tidleg på 80-talet då Tito forsvann og føderasjonen
byrja å smuldre opp. I 1982 var eg den einaste ikkje-serbaren i ein stor
serbisk samankomst i Kroatia. Når eg tenkjer på det eg såg og høyrde i
ettertid, forstår eg enda betre kvifor den serbiske nasjonen skulle
ha vore vingeklippt med det same. Men dette er sjølvsagt berre etterpåklokskap.

>Fra dagens Frankfurter Rundschau henter jeg mer stoff om den
>serbiske opposisjon, som Garvik ikke mener han har hørt noe
>til, og derfor gjør kollektivt medskyldige med Milosevitj.
>Da er det interessant å se, hvordan det serbiske regimet
>ser på sine "medskyldige" i opposisjonen...

Eg snakka ikkje om dei som verkeleg opponerer (dei fleste har forlatt
Serbia). Du snakkar om "den serbiske opposisjonen" som om det var ei blokk,
men det blir meiningslaust. Sjølv Draskovic og Seselj har høyrt til
"opposisjonen"... Eg har elles aldri sagt at dei som verkeleg opponerer mot
den serbiske nasjonalismen og politikken til Milosevic, er kollektivt
medskuldige i brotsverka dette regimet er ansvarleg for. Eg snakka om det
store fleirtalet av det serbiske folket i denne samanhengen. Du kan koma med
så mange fråsegner du vil frå den eine, eller andre fløyen i opposisjonen.
Det forandrar ingenting på det faktum at Milosevic har hatt fritt spillerom
med demagogien sin i altfor mange år.

Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone