Oppklåring

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Mon, 3 May 1999 16:35:42 GMT

Mathias Bismo:

>Jeg skal ikke si jeg har fulgt særlig med i ordskiftet mellom Lydersen
>og Garvik.

Eg hadde ikkje tenkt å blande meg inn i dette tøvet til Lydersen. Eg vil
berre slå fast at det aldri har vore noko ordskifte mellom Lydersen og meg,
og at det heller aldri kjem til å bli noko slikt. Eg har til dags dato
ikkje sendt han ei einaste melding, og han er no den einaste personen på
KK-forum som går direkte i bosspannet. Lydersen er heilt ubetydeleg.

Karsten Johansen skreiv for nokre dagar sidan:

>Jeg forstår Bråthens forargelse over Lydersens dypt pinlige
>provokasjons-utbrudd med leverop for Milosevitj.

Lydersen sine provokasjonar er ikkje berre pinlege, dei er skandaløse. Sjølv
om han står fram som ein klovn midt i puberteten med tankespinn i alle
retningar, og kanskje ikkje er så farleg i seg sjølv, har desse ideane lite
på KK-forum å gjera - det raudbrune like lite som det mørkebrune. Det beste
er å oversjå det, og slik vil han kanskje trekkje seg ein dag. I mellomtida
har eg sett eit filter på han. Eg har høyrt denne talen mange gonger
tidlegare, og slik distorsjon blir kjedeleg i lengda.

Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone