KOSOVO Historiar om ei deportering

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 30 Apr 1999 14:16:58 GMT

Eg sender eit par små utdrag frå rapporten om deporteringa av
kosovoalbanarane som Médecins sans frontières gjer offentleg i dag. Denne
rapporten er bygd på avhøyr med fleire hundre flyktningar:

"Pristina. Ei kvinne og dotter hennar.

Det var berre att innbyggjarane frå sentrum i Pristina. Heile området rundt
var tomt. Me blei tvungne til å forlate huset vårt av maskerte menn, og måtte
gå til jernbanestasjonen. Dei gjekk frå hus til hus og sa at alle skulle
reise. På stasjonen venta eit tog på oss, og me drog straks av garde. Etter
to timars reise kom me til grensa, men måtte sitje i toget i timesvis. Då
dørene blei opna, sa dei at me måtte gå på jernbanelinja fordi vegen var
minelagt."

"Djakovica. Ein mann på 34 år.

Om natta 1. april omringa dei paramilitære huset til onkelen min, Hajdar og
braut opp døra. Dei ba om pengar, men onkelen min sa at han ikkje hadde
nokon. Sidan onkelen min har vanskeleg for å gå, gjekk serbarane for å sjå
bror hans i romet ved sida av. Han sa at han heller ikkje hadde pengar. Dei
skaut han i hjartet. Hajdar skunda seg mot bror sin, men dei drap han på
same måten. Det var i alt femten personar frå familien min i huset. Hajdar
og Mahmoud blei drepne framom konene og borna sine, som blei jaga ut av
huset like etter, for serbarane sette fyr på det. Bestemor fekk så vidt tid
til å gli ei pute under hovuda til dei døde sønene sine. Familien flykta til
naboane om lag 300 meter lenger borte. Neste dag ringde tanta mi for å
fortelje kva som hadde skjedd. Me hadde sete innestengde i huset vårt i ei
veke. To menn frå familien frakta lika til gravplassen. Rundt klokka 9 den
3. april kom det seks serbarar til oss, og dei sa: 'Er de her framleis? De
har fem minutt på dykk til å koma dykk av garde til Vermitza!' Dei hadde
paramilitære uniformer, med svarte hattar, liksom cowboyar. Dei hadde
lyddemparar på våpna sine. Dei var tydelegvis i ferd me å gjera det same hjå
alle naboane våre. Me la i veg til fots alle saman, og gjekk i sju timar
like til grensa, der identitetspapira våre blei konfiskerte."

Kladernica. Ei kvinne på 35 år.

"Det siste året har me ikkje sove i fred. Me var redde for at dei kom for å
drepa oss. Om morgonen mandag den 12. april skaut serbarane granatar mot
landsbyen vår. Me drog saman med om lag tusen andre frå Kladernica. Me søkte
ly i skulehuset. Serbarane skilde mennene frå kvinnene, og eg måtte dra av
garde saman med svigermor mi og tre av borna mine. Mannen min blei verande
att som gissel hjå serbarane saman med dei to sønene mine. Seinare fekk eg
høyre at halvparten av mennene hadde klart å flykte. Då me kom til Prizren,
onsdag, såg me fleire såra og døde langs vegen, sundrivne kadaver. Dei som
var lenger framme i kolonna, ropa at me ikkje måtte gå lenger, for det var
bombing lenger framme, og dei som blei drepne, eller såra var berre ein
kilometer frå oss. Me såg eit fly svive i ring over oss. Det var ganske
mange militære på vegen, men ikkje nett då det blei bomba. Vidare, etter
Prizren, var det mange militære langs vegen, i lastebilar og til fots. Dei
heldt tre fingrar i vêret for å fornærme oss, og sa at me måtte gjera det
same og rope: 'Serbia, Serbia!' Me bøygde hovudet. Dei var ikkje maskerte,
bortsett frå ein. Me ville stoppe og kvile oss litt, men dei skaut i lufta
for å tvinge oss vidare. Eg såg to spebarn på sju-åtte månader bli gravlagde
i all hast av foreldra sine, då det ei lita stund ikkje var politifolk rundt
oss. Dei var døde av utmatting, eller deshydratisering."

Oddmund Garvik

Page spéciale URGENCE KOSOVO, et le rapport KOSOVO, Histoires d'une déportation
http://www.paris.msf.org/msf/web.nsf/html/46XE39?OpenDocument


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone