SV: Klassekampen i krig

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Thu, 22 Apr 1999 18:31:45 +-200

Eg er samd i alt Arne Eriksen skriv om KKs rolle. Og eg er samd i at vi må få til meir debatt i KK. Men eg er ikkje samd i at avisa er monomant einsidig. Har vi intervua kosovoalbanarar som er for bombing? Ja. Har vi intervjua Berge Furre? Ja. Har vi snakka med militære "ekspertar"? Ja. Har vi hatt innlegg skrivne "innanfrå" som har hatt heilt andre synspunkt enn dei som rår i redaksjonen? Ja. Har vi prenta leiarteigen "Glem ikke kosovarene"? Ja, det har vi. Har vi to sider om serbisk brutalitet i Kosovo i avisa i dag? Ja.

Eg seier ikkje at alt har vore godt nok. Men det har ikkje vore monomant einsidig. Og no skal det bli MEIR meiningsbryting, er redaksjonens og redaktørens haldning.

Samstundes er det naudsynt å hugsa: INGEN har heile krigsbiletet sitt frå KK. Dei ALLER FLESTE ser tv, høyrer radio etc, og får informasjon om flyktningesituasjon, bombing etc i bøtter og spann, dagen lang. Er det rimeleg å krevja at KK skal gje "eit balansert bilete" i denne situasjonen? Er det nokon som heilt oppriktig er uroa for at det finst menneske i dette landet som riskerer å ikkje få med seg den serbiske terroren i Kosovo, fordi KLASSEKAMPEN ikkje har prioritert serleg høgt å bringa dei rapportane som alle andre bringer dagen lang??? Kven er i så fall desse totalt isolerte KK-abonnentane? Er det KK si oppgåve å sleppa til mange Ja-folk med Ja-argument når det er EU-strid, av omsyn til "ryktet" vårt? Eller er utgangspunktet for nisje-avisa Klassekampen å vera motvekt til det vi VEIT lesarane våre får meir enn nok av frå før, altså konsentrera kreftene om eit smalare felt av det heilskaplege biletet?

Som sagt, eg er IKKJE usamd i det som er skrive om at eigne standpunkt har berre godt av å bryna seg mot andres, og om at avisa ikkje tek skade av å ha eit mangfald av synspunkt også i denne saka. Men eg vil kritisera forestillinga om avisa som ein evig straum av messande anti-Nato-propaganda, og ei avis som er totalt blind for den serbiske undertrykkinga. Trond Andresen har bidratt mykje til ei slik forestilling, gjennom å pukka på einskildeksempel frå kommentarar. Desse har han nytta som "prov" på kor einsidig avisa er. Frå Andresen si side er dette, etter mi meining, delvis rettmessig bekymring for at avisa skal bli meir einspora enn avisa har godt av, og dels eit uttrykk for at han ikkje deler den politiske lina. Då er det ofte lett å gå igang med åtak på "måten" vi presenterer vårt syn på, eller på at vi er så "einsidige", sjølv om kjerna i kritikken er at vi faktisk har heilt ulik analyse av situasjonen, og ikkje KAN laga ei avis som Andresen vil finna "reflektert" nok i!
denne saka. Denne samanblandinga av motiv (som Andresen sjølvsagt no kan benekta med max anfektelse) har bidratt til å skru denne debatten ut av proposjon, og altså til det usanne biletet av kor Jævlig Einsidig avisa har vore sidan krigen starta. Det har hindra ein god og konstruktiv debatt, noko forsåvidt også andre debattantar kan ha gjeve gode bidrag til.

Hadde avisa vore slik ein kan få inntrykk av ved å lesa KK-forum, hadde vi sjølvsagt laga MAKSIMALE oppslag om at "NO HAR NATO BOMBA SIVILE!" og slike ting som har kome fram under krigen. Det valde vi å ikkje gjera, nettopp for å ikkje bli det einskilde kritiserer oss for å vera. Slike val gjer redaksjonen kvar einaste dag, vi er IKKJE imbesille amøber som berre har ml-rørslas ryggmargsrefleksar som Rettesnor For Handling.

Mingus