Re: SV: antikrigstabbe...

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 22 Apr 1999 12:10:41 GMT

Magnus Marsdal:

>Godt mogleg. Men eg har høyrt at problemet er at innlegget er langt, lengre
>enn ein kronikk. Vonleg ordnar nokon med å be deg korta ned litt, om du er
>ein kjapping kan du berre setja igang tvert. 8000-8500 teikn er visst høveleg.

Innlegget er på 8689 teikn. Eg sende det til Klassekampen den 14/4. Det er
då ufatteleg at ingen i mellomtida har kunna gjere meg merksam på at
innlegget var "for langt". Kva skulle eg gjera? Kutte ut eit par-tre
setningar, 200 teikn? Dette verkar søkt...

Anten trykkjer de det som det er, eller så er det berre å kaste heile
innlegget!

Oddmund Garvik

PS: Eg kan sende det til ei anna avis, men då blir det med påskrifta:
"Nekta innteke i Klassekampen..."

ds.