Re:_"Betingelsesløs_stans_av_bombinga"

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 21 Apr 1999 14:25:07 GMT

Anders Ekeland:

>Formidabel seier? Muligens - men det viktigste for meg har hele tiden vært
>hva som kan få den serbiske befolkninga til å kaste Milosevic regimet på
>litt lengre sikt. Og her er NATOs og Milosevics prestisje helt underordnete
>faktorer.

>Men dette er ikke tilfelle i Serbia, tvert imot. Bombestans ville gi
>opposisjonen større spillerom.

Dette er berre utanomsnakk i den aktuelle situasjonen. Stilt ovanfor
folkemordet som no går føre seg i Kosovo, blir det nesten grotesk å fundere
på "hva som kan få den serbiske befolkninga til å kaste Milosevic regimet på
litt lengre sikt". Alt dette snakket om "opposisjonen" i Serbia stemmer
ikkje med røyndomen. Sjølvsagt kan ein halde fram med å tvære på dette og
vone at det blir ei "sanning" berre ein gjentar det lenge nok.

Eg har fleire gonger sagt at det ikkje fantest ein reell opposisjon mot
Milosevic-regimet før bombinga sette inn. Det serbiske folket hadde lete seg
fange inn av ideen om at dei var offer for historia. Eg høyrer kvar dag
"opposisjonelle" serbar til og med i utlandet som tenkjer likeins. Blir
ikkje dette eit problem etterkvart? Vis meg døme på den "opposisjonen" du
snakkar om! Kom fram med konkrete ting, så me kan diskutere det.

>NATOs militære strategi (ikke bakkestyrker) har vært helt kriminell, en
>kombinasjon av ondskap og dumskap.

Eg vil ikkje kalle det kriminelt. Feilaktig kanskje, men ikkje ondt, eller
dumt. Det er berre subjektive karakteristikkar som ikkje fortel noko som
helst.

>Jeg tror ikke den etniske rensinga i Kosovo blir verre med en bombestans -
>muligens tvert imot.

Trur du den serbiske hæren, "Arkan" og dei andre kjem til å pakke sekken og
dra
heimatt friviljug? Du er vel ikkje så naiv?

>Men det var alldri snakk om fra min side *bare* bombestans og ingen andre
>tiltak. Jeg mener at bombestans - klar innrømmelse av at den taktikken har
>vært feil, masiv økonomisk støtte til alle multi-etniske deler av tidl.
>Jugoslavia (Tuzla f.eks), bevæpning av albanerne, massiv hjelp til
>flyktningene (ikke bare telt og mat, men utdanning, jobber, PC'er).

Eg har vanskeleg for å ta deg alvorleg. Ikkje berre skulle Vestmaktene
stoppe bombinga, men dei skulle i tillegg leggja fram ein "klar innrømmelse
av at den taktikken har vært feil"!!!

Her høyrer og ser me folk som er utsette for dei mest umenneskjelege,
barbariske overgrep, og så filosoferer du om "utdanning, jobber, PCer",
førre dagen var det "topp-moderne økologiske boliger i stedes
arkitekturtradisjoner...utdanningsprogrammer...topp moderne infrastruktur
(fiber-kabel i husene)."

Eg trur ikkje du har vonde intensjonar med dette, men ser du ikkje at dette
også er berre utanomsnakk? Ein kan kaste fram alle slags idear, men ikkje i
tide og utide. Det må då for i himmelens namn vera mogleg å forstå dette!

Oddmund Garvik