Flyktige nyhende

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 16 Apr 1999 12:48:16 GMT

"Dei nære ting" overtar. Krigen i Jugoslavia blir framleis nemnt i franske
media, men er ikkje "det viktigaste" lenger. I går konkurrerte reportasjane
frå Balkan med reportasjar og kommentarar om valsirkuset i Algerie, der den
"offisielle" kandidaten, Abdelaziz Bouteflika, "vann" etter at dei seks
andre kandidatane trakk seg i siste liten p.g.a. "valfusk". Dette landet var
fram til 1962 eit fransk oversjøisk fylke, og har framleis stor plass i
fransk politikk. Det finst mange hundre tusen algirarar i Frankrike og det
var storstilt stemmegjeving organisert av den algirske ambassaden og
konsulata rundt i heile landet.

I føremiddag sprang det ei bombe hjå gaullistane: Formannen i partiet til
Chirac (RPR), Philippe Séguin, gjekk "uventa" av. Krangelen mellom venene til
Chirac overdøyver no lidinga til fleire hundre tusen flyktningar i Kosovo.
C'est la vie! Arnulf Kolstad kritiserer meg for å vera pessimist. Kva
skal eg seia? Livet går vidare...

Oddmund Garvik