Propagandakrigen

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 16 Apr 1999 10:37:14 GMT

Eg får vel skryte litt av leiarartikkelen i Klassekampen i dag. Eg hadde som
sagt venta meg metaforar som "Guernica" og liknande. Gratulerer Jon Michelet!

På den andre sida fann eg ei svært kryptisk setning i artikkelen til Peter
M. Johansen, "Natos bomber 'diskriminerer' ingen":

>Samtidig viser brannene på Natos satellittbilder at landsbyer i Kosovo står i
>lys lue. Nato er snart oppe i to tusen angrep og vil øke sin kapasitet med 50
>prosent. Kosovas frigjøringshær (UCK) meldte seint onsdag at tusen
>albanere er blitt drept i Drenica-dalen de siste fire dagene. Nato-bilder fra
>lufta påstår seg å vise massegraver.

Eg går ut frå at Peter M. ikkje meiner at Nato har bomba albanske landsbyar
i Kosovo, eller på annan måte sett fyr på dei. Eller at 1000 albanarar på
same vis er drepne i Drenicadalen. Men setninga kan misforståast.

Elles fann eg ein bra artikkel i "War Report" (London) av Gjeraquina Tuhina,
som flykta frå Pristina, og kom seg over til Makedonia. Eg trur artikkelen
heitte noko slikt som: "Natt og skodde i ein død by".

Eg tykkjer skildringar frå "terrenget" gir eit betre bilete av det som
skjer, enn kommentarar frå alle verdas metropolar. Men det er ein annan
historie.

Oddmund Garvik