Virusvarsel: W95/CIH

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 14 Apr 1999 11:11:16 +0200

Ikkje alle likar å lese om slikt på KK-forum, men denne gongen er det
eit reelt og alvorleg trugsmål for alle som bruker Windows 95 eller 98,
og det er jo trist om det skal gå ut over forumistar!

Dette viruset øydelegg ikkje berre innhald på harddisken, men slettar i
mange tilfelle også BIOS, slik at maskinen ikkje ein gong kan startast
frå diskett etterpå. Ein vanleg variant av viruset slår til den 26.
april, så pass på å få fjerna det før den datoen.

Somme datablad med CD-plater som vedlegg har ufrivillig spreidd viruset,
og det har t.o.m. følgt med i nye IBM-datamaskinar. Les meir f.eks. på
http://www.norman.no/local/cih.htm eller
http://www.datafellows.fi/v-descs/cih.htm.

Ein etat som eg kjenner til (ikkje arbeidsplassen min), har hatt mykje
bry med CIH i vinter, etter "julekort"-sesongen (festlege data-julekort
som inneheldt noko meir enn det dei skulle).

Lars Staurset