Synet_på_eige_borgarskap

Harald_Haukaa_Fjørtoft (harald.fjoertoft@c2i.net)
Fri, 9 Apr 1999 19:39:52 +0200

Synet på eige borgarskap

Eg har problem med overføring tii KK-Forum, så dette kjem svært seint.

> Mette Borgen. Takk for respons. Til spørsmålet om oppropet - eg har
> underteikna det og meiner det er eit bra og naudsynt initiativ - atter
takk
> til initiativtakar(-ane). Eg meiner naturlegvis at alle som ønskjer å
> arbeida mot den norske imperialismen og utslaga av han skal vera med i
> arbeidet for ein felles front - som SU og RU og kanskje andre. Til
> spørsmåla og kommentarane dine. Er det organisasjonar eller
> einskildpersonar som skal danne og drive denne fronten. Eg vel å svara
som
> Ole Brumm; "ja takk begge deler". Me har ein del røynsler på arbeid som
har
> vore vellykke, og ein del som har vore mislykka. Av vellykka organisering
> tenkjer eg på organisasjonarbeid som Solidaritetskomiteen for Vietnam,
> Afghanistankomiteen, Palestinakomiteen, Latin-Amerika-gruppene og til
dels
> Arbeiderkomiteen mot EEC og dyrtid som var eit viktig korrektiv til
> Folkebevegelsen mot EF. Kurdistankomiteen kjenner eg enno for lite til.
Av
> dei mindre vellykka tenkjer eg til dømes på ein organisasjon som
Kampanjen
> Norge ut av NATO. Eg trur at ein slik organisasjon må byggje på
aktivistane
> og deira styring, men med næra (organisatoriske?) band til organisasjonar
> som stør innhaldet i arbeidet. Av desse må arbeidarklassen sine
> organisasjonar - fagforeiningar i og utanfor LO - vera sentrale. Om
> arbeidet skal nå ut, er det naudsynt med eit talerøyr, noko eg ser at
berre
> avisa Klassekampen (+Rebell, Opprør og ev. andre (eg har manglande
> kunnskapar her)) kan vera i dag. Eg "forsvinn" no i 1 1/2 veke, men håpar
> diskusjonen fortsett.
>
> Sjølvråderett for Kosova
> Noreg og NATO ut av Jugoslavia
>
> Solidarisk helsing
> Harald Haukaa Fjørtoft.Helsing frå
>
Helsing frå
Harald Haukaa Fjørtoft.
N - 3570 Ål
++47 32 08 10 43