Høgnorskdagar_i_Ørsta

Olav T (otorheim@online.no)
Thu, 08 Apr 1999 10:31:26 +0200

Ivar Aasen vart ein gong sett upp som den verste landeplåga nest etter
svartedauden. Ivar Aasen grunnla nynorsken og nynorsk skrifttradisjon.
Volda og Ørsta Målungdom er sterkt upptekne av at Aasens tankar skal
utviklast vidare gjenom opne og fordomsfrie ordskifte. Sjølve meiner me at
høgnorsken som er naert knytt til 1917-normalen er det rette grunnlaget for
rettskrivingssynet vårt. Men kva meinte eigenleg Aasen ? Korleis kann me
føra Aasen-tradisjonen i norsk målreising vidare i dag ? Gjev Aasens tankar
kveik til framtidig målarbeid ?

Målsynet til Ivar Aasen hev vore ei stridsemne heilt sidan Aasens tid.
Skiftande vindar i målrørsla hev freista å vrida Aasen i den eine eller den
andre leidi. ørsta og Volda Målungdom hevdar at dei tek vare på
måltradisjon frå Ivar Aasen. Me held iallfall til på same stad som Aasen
voks upp. Volda og Ørsta Målungdom tykkjer difor det er naturleg å skipa
til høgnorskdagar for å dryfta framtidi for nynorsken.
Me vil ha innleidingar, og me skipar til umsyning i Aasen-tunet.

Det er midt i mai, naerare fastsett 14-16 mai at Volda og Ørsta
Målungdomslag og Vestlandske Mållag skipar til høgnorsksamling i Ørsta på
Aasens heimegrunn. Me skal vera på grendahuset i Bondalen. Lagi kjem til å
underbyggja rettskrivingssynet sitt. Det vert innleidingar med
norskfagskritikk,høgnorskstrategiar og ei innleiding um målsystematikk.

Konferansen er open for alle og kostar 300 kronor ( busette i Møre og
Romsdal faer vera med for 100 kr). Dei som vil ha meir informasjon um
høgnorsksamlingi kann kontakta Kay Morten Aarskog på tlf. 95 20 29 24 eller
med elektronisk post åt ilovebobo79@hotmail.com.

Program for Høgnorskdagane 14.-16. mai

Fredag
18.00 Innleiding ved Kay Morten Aarskog
18.15 Innslag med underhaldning
19.00 Spursmål,kommentarar, stutt upphelde
19.30 Svein E. Kvamsdal. Strukturen i høgnorsk. Kvifor er
høgnorsken som han er? Kva vanskar valdar ulike
rettskrivingar?

Laurdag
10.00 Jon Buset. Norskfagskritikk.
11.00 Gruppeordskifte
12.00 Mat
13.00 Samla ordskifte
14.00 Utflukt til Aasen-tunet
18.00.Gunleiv Hadland. Eit kritisk blikk på
høgnorskstrategiar.
19.00 Ordskifte.
Etter ordskifte: sosialt
samvaer
Sundag
10.00. Korleis skapa blåster
um høgnorsken frametter ?
Innleiding med einkvan frå
Vestlandske Mållag
11.00 Ordskifte med
uppsummering
12.00 Møteslutt