Ein replikk

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Mon, 29 Mar 1999 18:09:06 GMT

Det blei stille om "Påskeopprøret". Opprørarane har truleg drege til fjells,
ikkje for å gå under jorda, men for noko så banalt som å slikke sol (?),
eller kanskje dei ligg og døser ved fjorden...?

Klassekampen fall sjølvsagt for freistinga å trekkje fram sordide
meiningsmålingar om krigen (i leiarartikkel), ikkje for å ta avstand frå
dei, men for å trøyste seg med dei. Slike meiningsmålingar er ikkje berre
sordide, dei har ingen som helst informasjonsverdi, for ein oppnår heilt
tilfeldige resultat, alt etter ordbruken, og alt etter korleis ein stiller
spørsmåla.

Denne sjukdommen finst sjølvsagt også i Frankrike, og to meiningsmålingar
som blei lagt fram med ein dags mellomrom, viste heilt motstridande
resultat... ganske enkelt fordi ein i den første hadde nytta ordet
"bombardement", i staden for det meir nøytrale "intervention" i den andre.
At boulevardpressa kastar seg seg utpå med slik "informasjon", følgjer den
naturlege orden. Men at ei avis som proklamerer seg "sosialistisk", til
og med "revolusjonær" gjer det, er eit tankekors.

Eg hadde tenkt å koma med nokre ord om eigaren og "inspirasjonen" bak avisa,
men så gav eg pokker. Dei er for få og for små til å fortene omtale.
"Påskeopprøret" fekk meg forresten til å oppdage andre kvakksalvarar på
"venstresida", det gamle familiedynastiet NKP & Søn. Og eg som trudde dei
var borte for lenge sidan. Det er utruleg kor seigliva sektene er...

Oddmund Garvik