_redde_maska

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Mon, 29 Mar 1999 16:03:14 GMT

Slobodan Milosevic er ein av vår tids faneberarar for etnisk rensing, ein
farsott som utviklar seg i beste velgåande. Sidan fascistregimet kom til
makta i Beograd, har det provosert fram rundt 300 000 døde i den tidlegare
føderale republikken, og kasta ut på vegane fleire millionar flyktningar.
Det er eit heilt legitimt mål å vilja hindre dette og ei ny humanitær
katastrofe. Det er likeins heilt legitimt å nytte makt til dette, men ein må
ta seg i vare for kva slag politisk-militær strategi ein veljer. Den
aktuelle Natoaksjonen byrjar å få eit patetisk skjær over seg.

Den euro-amerikanske aksjonen som var full av gode intensjonar, er i ferd
med å snu opp ned. Luftåttaka som i siste liten skulle redde
kosovoalbanarane frå ein programmert massakre, har i staden sett fart i
denne og ført til masseflukt. Ein må døme bruken av makt ikkje berre ut frå
intensjonane, men også ut frå effekten og resultata av denne. Militært ser
aksjonen ut til å bli eit nederlag. Nato vil føra krig utan tap og risiko...

Politisk har heller ikkje aksjonen hatt den effekten ein hadde reikna med.
Etter fem dagar med bombing har ikkje Slobodan Milosevic gitt seg, slik
europearane trudde. Han har halde intakt det meste av sitt militære
potensial, han har utnytta "offereffekten" og samla det serbiske folket
rundt seg. Han har fått fart på massakrane i Kosovo og sett i gang ei
barbarisk jakt på kosovoalbanarar. Dette hadde sjølvsagt blitt sett ut i
livet utan Natoinnblanding, litt seinare.

Ein politisk-militær strategi som kan stoppe den etniske rensinga er
viktigare enn nokon gong. Men i denne stund ser eg ingen slik strategi.
Natoaksjonen verkar improvisert, eit konsentrat av alle dei amerikanske og
europeiske politiske motseiingane ein har vore vitne til i årevis. Korkje
Nato eller den Europeiske Unionen har ein strategi for løysing av regionale
konfliktar. Dei opererer frå skanse til skanse.

Konflikten i Bosnia blei ikkje "løyst" før i 1995, fleire år på etterskot,
og berre ved av massiv væpning av Kroatia, som med luftstøtte vann ein
militær siger over serbarane. Dette er ikkje tilfelle i dag med UCK, som er
ute av stand til å stå imot dei serbiske bandane. Nato og den
euro-amerikanske alliansen vil måtta intensivere bombetokta og ta større
risiko for å vinne tid, slik at dei kan finne ein diplomatisk utveg.

Den trulege enden på denne ufattelege situasjonen vil nok bli ein
revisjon av Rambouillet-avtalen. Spørsmålet om sjølvstende for Kosovoprovinsen
vil bli teke opp på ny, skrive om og redusert til eit minimum. Det er denne
tvangsreduseringa dei halvmilitære serbiske bandane utfører i desse dagar
ved å "rense" det vestre Kosovo. Slik kan Milosevic atter gå med på
forhandlingar. Som sigerherre. Og russarane er attende på den
"internasjonale arenaen" som "meklarar". Chirac kan seia at den franske røysta
spela ei rolle i arbeidet med å få til ei diplomatisk "løysing" (han
ringer for harde livet til Primakov om dagen, og Loujkov, ordføraren i
Moskva som ventar på stolen til Eltsin, er på vitjing i Paris). Det er ingen
tvil om at dei arbeider mot ei slik løysing, for såleis å kunna redde maska
både i Beograd og i Nato. Og utan å gå med på sjølvstende for Kosovo, som
ingen europeisk statsleiar ynskjer. Bombetokta vil såleis halda fram... den
tida serbarane treng til å lage om provinsen.

Vesten kan alltid seia at dei sørgde for å sikre retten til minoritetane.
Sanninga vil vera noko heilt anna: Ein total mangel på evne til å ta knekken
på etnisk rensing. Dette vil sjølvsagt gi presendens ikkje berre på Balkan,
men også i verda. Nok eit trist døme.

Oddmund Garvik