_gå_ned_i_kjellaren_med_ære

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Sat, 27 Mar 1999 10:50:43 GMT

Eg har omsett denne vesle artikkelen frå opposisjonsavisa Danas i Beograd.
For denne avisa har den steile haldninga til dei serbiske leiarane eit
tragikomisk skjer, og ein kunne kanskje blåse i alt saman...om det ikkje var
for at denne haldninga fører rett inn i krigen.

"I Paris forsvarte dei serbiske forhandlarane Kosovo på same vis som dei
gjorde i Rambouillet. Dei albanske forhandlarane derimot, klarte ikkje å stå
imot presset: Knuste og forferda gav dei etter, kapitulerte og aksepterte
teksten som blei diktert av Vesten. Sjølv om domaren ikkje enda har blåst av
kampen, er resultatet alt kjent. Serbarane vinn, Vesten kjem på andre plass
og albanarane tapar. Supportarane er begeistra - kjem dei til flyplassen for
å ta imot laget vårt? Kjem det til å bli feira i byane våre? Kjem det til å
ei mottaking hjå Presidenten, eller på rådhuset?

Det kjem ikkje til å mangle på noko av dette. Eg trur likevel at denne store
sigeren kjem til å bli feira med ein høgtideleg gang ned i kjellarane, som
vil bli innreidde til bustader. Mange takksame og stolte innbyggjarar gløymer
nok ikkje å dekorere golvet med portrett av ein smilande Milan Milutinovic
(den serbiske presidenten). Sjølv om dei historiske bragdene til Slobodan
Milosevic visseleg er større, er det no til slutt Milutinovic som har opna
og viser oss vegen ned i kjellaren. Det einaste folket kan gjera er å sverge
truskap til han i song (allusjon til "Kamerat Tito, me lovar aldri å forlate
vegen din" frå repertoaret av massesongar frå den tida).

Slik blir perspektivet som opnar seg i Serbia eit liv mellom tribunar og
kjellarar. På tribunane syng ein og klappar i hendene. Og så når flyalarmen
set inn, og det blir innført portforbod, går ein ned i kjellaren. Når
alarmen er over, stig ein opp på tribunane att for å forsvare Kosovo.

I byrjinga kjem det kanskje til å bli litt skubbing og endevending, men med
tida vil dette intelligente folket lære seg disiplin og vita å gå opp og
ned, rolege og verdige, betre enn nokon. Ser me nærare på framtida, ser me
straumen av vener som kjem til Serbia frå Russland og Kviterussland, men
også frå andre land. Dei seier at me har deira fulle støtte og at dei
beundrar oss. Dei er avundsjuke på dei fine tribunane våre, dei flotte
kjellarane, benkene våre, og dei vise og heltemodige leiarane våre,
Milutinovic og Milosevic. Dei seier at dei er overtydde om at me har rett,
og er leie for at landa deira bøygde seg for presset frå Vesten. Og me trur
på dei."

Stojan Cerovic, Danas, Beograd.