Frie pressefolk i Jugoslavia?

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Sat, 27 Mar 1999 08:22:43 GMT

Jon Michelet skriv i ein leiarartikkel i Klassekampen i dag:

>I Pristina i provinsen Kosovo i Jugoslavia som Nato nå bomber får NRKs
>medarbeider Odd Karsten Tveit og andre pressefolk fra Nato-land fritt
>arbeide og rapportere hjem. Dette skjer mens det råder krigstilstand og
>Nato og Norge er i krig med Jugoslavia.

Dette stemmer ikkje heilt med informasjonen i franske media. Natta mellom
onsdag 24. og torsdag 25., like etter at bombinga starta, arresterte
politiet rundt tredve reportarar på taket av Hotel Hyatt, mellom anna
kamerafolk som filma dei første bombeåtaka i forstadane til Beograd. Desse
sat i forhøyr i to timar og blei sidan slupne fri, bortsett frå ein som skal
ha belgisk pass. Fleire blei utviste til Kroatia.

Den utsende medarbeidaren til den franske avisa Libération, Hélène
Despic-Popovic, blei arrestert av serbiske politifolk på eit hotel i
Beograd. Ho blei frakta til den kroatiske grensa saman med Philippe Dezprez,
journalist frå den belgiske avisa, Le Soir, og ein produsent frå det
amerikanske ABC News, Clark Bentson.

- Utlendingskontoret til politiet i Beograd fortalte at visuma våre var
annulerte, sa Hélène Despic-Popovic.

Politiet arresterte også korrespondenten til Washington post, Peter Finn, på
eit hotel, og sa at han kom til å bli vist ut av Jugoslavia. Torsdag morgon
visste ingen kva som hadde skjedd med han.

Dei jugoslaviske styresmaktene freistar elles å hindre vestlege tv-team å
vise reportasjane sine. CNN fortel at det serbiske tv nekta å la dei bruke
teknisk utstyr til å overføre reportasjar.

Politiet stengte satelittsendaren til UER (den europeiske unionen for
radiodiffusjon), som til vanleg står for overføring av bilete for alle
tvselskap ved internasjonale hendingar. Det verkar som om nokre tvselskap
framleis har eige utstyr for satelittoverføring.

Det er andre gongen sidan byrjinga av krigen på Balkan at regjeringa i
Beograd tek til såpass strenge åtgjerder mot vestlege journalistar. I 1994
blei rundt femten journalistar nekta ny akkreditering.

Radomir Diklic, direktør i Beta, det einaste uavhengige pressebyrået i
Serbia, sa onsdag at ei definitiv knebling av det vesle som finst at av fri
presse i Jugoslavia kan bli ein av konsekvensane av krisa i landet. I
tillegg blir den politiske opposisjonen knebla.

Den viktigaste uavhengige radiostasjonen i Beograd, B-92, fekk utsyret sitt
konfiskert ved ein politirazzia natta mellom tysdag og onsdag, om lag 20
timar før dei første bombetokta. Sjefsredaktøren i B-92, Veran Matic, blei
arrestert og sat innesperra i åtte timar. Etter at han slapp fri tok han
avstand frå undertrykkjinga av media som blir verre frå dag til dag.
- Krigstilstanden gir styresmaktene frie tøylar, dei kan gjera det dei vil, sa
Sasa Mirkovic, direktøren i B-92. Eg er redd for at situasjonen forverrar
seg etter bombinga, la han til.

Den føderale regjeringa åtvara "journalistar og NGO" mot all "desinformasjon
og manipulering". osb. Det er ulovleg å filme "konsekvensane av krigen".

Eg kunne halda fram, men kven som helst kan leite seg til informasjon om
dette på veven. Korleis kan redaktøren av Klassekampen skrive ein slik
leiarartikkel? Trur han verkeleg at Serbia i krig let journalistar
frå "fiendeleiren" arbeide fritt? Eg trudde redaktøren hadde litt meir
erfaring og litt betre gangsyn. Men når eg ser kor einøygd resten av
"venstresida" er, skjønar eg at det er noko alvorleg gale fatt. Når
redaktøren gir seg til å samanlikne "pressefridomen" i Jugoslavia med det
som skjer i Natolandet Tyrkia, minner det sant å seia om Radio Moskva i
gamle dagar.

Oddmund Garvik