Re: Opprop mot krigen

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 26 Mar 1999 21:15:27 GMT

Knut Rognes:

>Jeg synes ikke man skal håne dette standpunktet. Internasjonal rett er
>møysommelig bygget opp over lang tid. Noam Chomsky sier i et intervju i
>forbindelse med Saddam Hussein...

Eg hånar ingenting. Eg berre peikar på visse trekk ved "folkeretten" som
også du forsvarer, medan du like etter seier at:

>Folkeretten er ødelagt fordi USA og Storbritannia har ødelagt den. De vil
>gjøre som de vil, hvor som helst, når som helst, også i den tidligere
>sovjetsfæren. Det kan de siden Sovjetunionen ikke lenger finnes.

Eg tykkjer det er litt einsidig. Du siterer Chomsky som fører ein
formalistisk/institusjonell argumentasjon, som om internasjonal rett var eit
dogme, fastsett ein gong for alle. Internasjonal rett er som eg sa ikkje
noko statisk, det er ein kronisk prosess. Sjølv om det har teke lang tid å
koma fram til ei slags felles internasjonal plattform (Folkeforbundet - FN -
internasjonale konvensjonar osb.) kan eg ikkje sjå at denne prossessen er
ferdig. Det noverande FN-systemet har store manglar og er ute av stand til å
setje resolusjonane sine ut i livet. Kor mange døme finst det ikkje på
det... eit av dei grellaste dei siste åra er krigen i Rwanda.

>Det er all grunn til tvile på NATOs humanitære motiver. Når brydde NATO seg
>med kurdiske liv og kurdisk selvbestemmelse? Når brydde USA seg med
>demokrati og menneskeverd hvis det kom i konflikt med høyere verdier som
>frihet til å investere, plyndre og røve?

Eg er samd i det, men stormakter kan ha ein fleirsidig karakter. Er det eit
prinsipp å alltid avvise alliansar med stormakter? Skulle ein ha unngått
alliansen med England/USA/Sovjet (og dei andre allierte landa) under den
andre verdskrigen under påskot av at dei ikkje hadde humanitære motiv og ikkje
nødvendigvis slost for demokrati og menneskeverd? (og heller ikkje var ute
etter å redde Noreg i seg sjølv).

>Kanskje vi skulle bruke kreftene på å analysere grundig de bakenforliggende
>motivene til NATO-aksjonen.

Det eine utelukkar ikkje det andre.

Oddmund Garvik