Demonstrasjonar og Serbia

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 26 Mar 1999 14:19:20 GMT

Under den fengande overskrifta "FW: FW: FW: DEMONSTRASJON" skreiv Kaj
Størdal Toftner:

>Her er parolene!
.......
> Paroler:
> -Stans krigshisserne!
> -Nei til krig mot Jugoslavia!
> -Trekk Norge ut av krigen!
> -Anerkjenn kosovo-albanernes nasjonale og demokratiske rettigheter!

Dette er pasifistiske godagmannøkseskaftparoler, knapt nok å samanlikna med
lause skot i lufta. Sidan Nato sette i gong bombinga av militære mål i heile
Juguslavia har først og fremst (ex-)serbiske Milosevic-tilhengjarar i fleire
land skrike opp om det "urettferdige" åttaket. Eg såg nettopp ein
tv-reportasje (fransk tv) frå ei slik "spontan" markering i Paris. Serbiske
innvandrarar som eksa seg opp og skreik i kor: "Vi er alle bak Milosevic!
Leve Milosevic! Leve Serbia", før dei blei jaga bort av ei CRS-patrulje.

Ein kan sjølvsagt forstå at utanlandsserbarar er urolege for familiane sine
i heimlandet. Men dei fleste serbarar eg kjenner, har nokre usynlege briller
som filtrerer røyndomen. Pirkar ein litt borti denne, blir dei frå seg av
forarging, til og med såkalla "vakne" personar. Synspunkta deira stinkar av
irrasjonell nasjonalkjensle, sjåvinisme og hovmot. Dei ser berre sin eigen
navle, alt dette som den eigentlege, storserbiske krigshissaren spelar på.

Den 20. mars starta serbarane ein stor, vel planlagt offensiv i Kosovo,
særleg i området rundt Drenica. Det var same dagen som 1380 OSCE-observatørar
drog sin veg... Terroren har teke over i Podujevo, Prekaz, Srbica, navn som
nesten ingen kjende frå før. Tungt artilleri har forandra byar og landsbyar
til brennande ruinar. Innbyggjarane har flykta i panikk til skogane omkring.
Dei døde ligg att.

Etter at styrkane frå Beograd - stridsvogner, spesialstyrkar osb. - kom til
området, har minst 5000 menneske måtta flykte frå heimane sine. Det er mange
offer, både hjå dei sivile og hjå UCK. Dei siste nyttar taktikken til Mao, og
lever i landsbyane "som fisken i havet". Som i alle andre krigar, er det
sjølvsagt først og fremst eldre menneske, kvinner og barn som lir. Den
serbiske terroren er systematisk. Fire serbiske politifolk blei drepne i
Pristina, og partane kom til eit punkt der ei kompromissløysing verka heilt
illusorisk. Ein såg konturane av eit nytt Bosnia.

Så vidt eg veit, har ingen kalla inn til demonstrasjonar mot den serbiske
terroren. Det har helst blitt sett på som ein "indre konflikt". Makta i
Beograd hadde "folkeretten" på si side. Ingenting å gjera med det...

Kva var valet? Kunne Vesten sitje å snakke og truge utan å setje makt bak
orda som førre gongen, då serbiske styrkar dreiv med folkemord i fleire år?
Det var ikkje før sjokket etter massakrane i Srebrenica, der 8000 menneske
blei drepne, at Vesten gav avkall på den reserverte haldninga og byrja å
røre på seg. Nato bomba nokre serbiske stillingar, og dei fekk i stand
Dayton-avtalen. Verda er ikkje perfekt. Verda er vanskeleg. Krig er enda
vanskelegare...

I byrjinga hadde Vesten den same reserverte haldninga i høve til Kosovo som
dei i si tid hadde i høve til Bosnia-Herzegovina. Den jugoslaviske
presidenten oppfatta dette. Slobodan Milosevic provoserte Nato og pressa på
for å få Vesten til å gripe inn direkte. Medan dei "forhandla" om fred i
Rambouillet og Paris, førebudde Beograd offensiven i Kosovo. Deretter fekk
serbarane fredskonferansen til å bryte saman, og medan Nato vurderte
situasjonen for å finne det beste tidspunktet og den beste måten å reagere
på, freista Milosevic nok ein gong å få i stand eit fait accompli. Vesten
var offer for si eiga vingling, og hadde berre eit val: intervensjon.

Meistaren i Beograd hadde snudd problemet. Nato svinga med sabelen og
truga med intervensjon for å få han til å bøye seg, men blei tvungne
av Milosevic sjølv til å gripe inn. Det var verda på hovudet. Er ein
perfid nok, kan ein kanskje tala om ei stor taktisk oppvising. For her er
krigspsykologi kome opp på eit høgt nivå: Milosevic let seg ikkje påvirke av
trugsmåla til Nato, og Nato ved ikkje å gripe inn, ville gi inntrykk av å
frykte makta i Beograd meir og meir. Dersom det hadde fått halda fram slik,
ville provoseringa av Vesten ende opp i total lamming.

Eg er ikkje tilhengjar av verdssheriffen, heller ikkje av Nato, men i slike
situasjonar er det nødvendig å vera pragmatisk. Problemet er sjølvsagt
vanskeleg. Ved å underkaste seg Milosevic sine kalkyler, gjer ein han
sterkare enn han er i røyndomen. Ved å overgi seg i total handlingslamming,
blir ein delaktig i drapet på fleire tusen menneske. Kven andre enn Nato har
styrkar nok til å stanse den serbiske hæren? Dersom Nato ikkje hadde gripe
inn, ville lagnaden til innbyggjarane i Padujevo, Prekaz og Srbica ha vore
definitivt forsegla. Me ville ha fått eit nytt Bosnia. Noko slikt kan ikkje
eg gå med på.

Oddmund Garvik