Ros til KK (og litt ris)

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 17 Mar 1999 12:28:54 +0100

KK har dei siste dagane hatt ein artikkelserie om Noreg og justis- og
politisamarbeidet i EU, tidlegare Schengen. Artiklane har mykje viktig
informasjon, og har drege fram forhold som er lite kjende. Som
fritidsskribent for Møre og Romsdal Nei til EU har eg stor nytte av
slike artiklar.

Dette er ein komplisert materie, og dessverre er det av og til vanskeleg
å finne tråden i artiklane. Dei kan handle både om gamle Schengen,
justis- og politisamarbeidet og Europol. Gamle vedtak, nye avtalar og
forslag under arbeid blir omtala om kvarandre. Det manglar også ein del
kjeldetilvisingar, som trengst dersom ein skal bruke opplysningane
vidare.

For å setje det på spissen: Kven har (eller får) lov til å skyte folk i
Noreg utan å bli straffa for det?

Lars Staurset