Kommisjon, korrupsjon og reaksjon

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 16 Mar 1999 08:13:39 +0100

Systemet er nede for teljing. Det kjem nok til å reise seg att, men det
kan røyne på ei stund. Det blir spennande å sjå kva følgjer dette får
for utviklinga i EU, for euroen, landbruksnedskjeringane,
utvidingsplanane, militariseringa, og ikkje minst for tilliten til
EU-systemet.

Utanriksredaktør i NRK, Cathrine Løchstøer, sa på Dagsnytt kl. 7.40 i
dag at dersom EU no ikkje ryddar opp fort, "vil de reaksjonære
EU-motstanderne få vann på mølla".

Lars Staurset
Reaksjonær EU-motstandar

P.S.: Medlemskap i Nei til EU kostar kr. 150, eller 50 for ungdommar
under 25 år. Send pengane til Nei til EU, Arb.samf. plass 1, 0181 Oslo,
konto 0825.0846100. Har du verva nokon i det siste?