Re: Sigurd Lydersen og Trond Andresen

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 12 Mar 1999 16:19:12 +0100

Paul Bernhard Hegge wrote:
> lYDERSEN ER SINT, OG DET HAR HAN LOV TIL. Nå prøver du, Lars Staurset,
> virker det som, å drive en slags forsiktig sensurering ved å lure Lydersen
> inn i et ufarlig sidespor, et slags borgerlig kompromiss: "Hvis du holder
> kjeft nå så får du være med oss fortsatt". Men dette er fortsatt
> sensurering!! Og er nettopp den typiske og farlige. "Nå må du moderere deg
> litt, så skal vi høre på deg alle sammen...", eller enda værre:"Vi er jo så
> glad i deg alle sammen..."

Det nyttar tydelegvis ikkje med store bokstavar, men kanskje det er
lettare å lese dei små, så eg tek opp att: Innlegget mitt var ikkje eit
rop om sensur av friske debattar. Eg har heller ikkje skrive - eller
tenkt - noko av det andre Hegge tillegg meg.

Lydersen har mange synspunkt som avvik frå det gjengse på KK-forum, og
eg har mange gonger hevda - m.a. i strid med Trond Andresen - at han må
få leggje fram synspunkta sine i fri debatt. Det er ein styrke for
forumet. Dette er Hegge og eg samde om.

Derimot har det inga interesse for oss andre at Lydersen er personleg
fornærma på Andresen. Den striden høyrer ikkje heime på KK-forum, og bør
gjerast opp andre stader. Merk at Andresen ikkje har teke til motmæle
etter alle stikka i det siste. Det er bra, og Lydersen bør ta det som
eit hint.

I håp om å unngå endå meir debatt om debatten, rundar eg av med:
God helg

Lars Staurset