OPPKLARING TIL ERIKSEN - skattespørsmål

Asgeir Bell (bellanfi@newmedia.no)
Mon, 08 Mar 99 00:21:06 GMT

Eg har ikkje avkrevd deg noko, Arne Eriksen, og eg har slett ikkje uttrykt
ynskje om at du skulle stå skulerett for meg. Eg tolka deg i innlegget som at
du ville ta del i debatten når du seier: "Olav Randen er i gang, og mange av de
problemene han skisserer kan la seg løse, hvis man begynner å arbeide med dem i
god tid".

Eg kan ha uttrykt meg uklart når du spør kva reduksjonen fra 100% til 49,7% på
90-talet kan koste. Denne reduksjonen er jo gjennomført. Omgrepet "skal koste"
er ein måte å uttrykke at det har vore vår politikk å gå inn for emisjoner der
aksjene skal ha høg pris for å gje Klassekampen kapital. AKP ga KK's Venner 20%
av aksjene i 1991. Saman med KK's Venner (i høve til våre posisjonar) har vi
stilt ca. 1900 aksjer til disposisjon for kommandittistane.
Godt 1400 aksjer vart omsett i 1995-emisjonen, AKP har gjeve Klassekampen 1000
aksjer i ekstraordinært landsmøte i 1997. Og emisjonen i 1998 ga 5.9 mill.

Om skatt og aksjesal. Dine karakteristikker av kva vi gjer ("reaksjonær gjerrig
holdning"), kan eg ikkje ta frå deg. Når vi kan velge, så går vi inn for
emisjon og ikkje sal som gir skatt. Det gir meir pengar til Klassekampen, og
det er ikkje ein gong ulovleg å ta eit slikt val. Vidare: Klassekampen skal
selge aksjer sjølv i år - det er truleg vanskelig å få til så mykje sal utover
dette fordi det er abonnementverving som står i fokus i 1999. Om landsmøtet i
AKP går inn for det, kan det sjølsagt koma seinare emisjoner der AKP sel seg
ned.

Det er fint om Arne Eriksen gjev uttrykk for kvifor andre kan utøva eigarskapet
betre enn AKP og dei andre aksjonærane i Klassekampen. Det ser eg nemleg ikkje
bort frå, men det vil vel utrykka seg i eit program eller politikk som er
annleis enn AKP sitt. Kan du gjera greie for det ?

08.03.99

Beste helsing
Asgeir Bell