OM "NYAVIS" - TIL ERIKSEN

Asgeir Bell (bellanfi@newmedia.no)
Sun, 07 Mar 99 17:24:32 GMT

I eit innlegg 7.mars gjev Arne Eriksen uttrykk for tru på eit nytt
avisprosjekt. Eg tolker innlegget hans slik at han vil koma tilbake med meir
konkrete forslag. Eg minner om fokus på evt. nytt navn, formålsparagraf og
kapitalkjelder.

Det er mogleg å hamne på eit sidespor i debatten grunna spekulasjoner om AKP
sin posisjon i avisa Klassekampen. Det er ein tendens til både å undervurdera
og overvurdera AKP si rolle i Klassekampen. Støtta til vår line for plattform
og eigarskap trur eg er sterkt undervurdert. Fjorårets store utviding av antall
aktive eigarar understrekar dette. Formålsparagrafen er ikkje ekskluderande og
gjev avisa eit fundament som ut frå sin storleik er eit undervurdert aktiva for
avisa. AKP dyrkar ikkje sine særinteresser i Klassekampen. Vi har på 90-talet
senka vår aksjedisponerande andel frå 100% til 49,7%, og vi har vore særs
oppmerksomme på at denne utvidinga skal koste og gje avisa kapital. Vi omset
sjølvsagt ikkje aksjer slik som Eriksen foreslo i byrjinga av januar for å
måtte gå avgarde med 28% til futen - eit forold andre har påpeikt på
Klassekampen-forum - emisjon eller innsamling er den hensiktsmessige forma. Som
organisasjon har vi og teke på oss ulempa med å handle for å forsvara
formålsparagrafen og bringe avisa ut av konkursferda i 1997. Det var i ein
situasjon der intrigespelet på innsida var skjult for ålmenta, grunna at gruppa
som ville ha hånd om avisa kontrollerte informasjonsstraumen fullt ut.

Dersom årsaka til å endre avisas navn og plattform ligg i at AKP står i vegen
for andre, så trur eg dette er ei avsporing. AKP har stor støtte for vår line
for eigarskap og har oppnådd ein brei økonomisk basis for avisa. Dette synes
difor ikkje å vera avisas umiddelbare problem. I desse dager ligg det dessutan
ute nye aksjer frå Klassekampen som ytterligare kan utvide eigarbasisen. Eg
siterer Eriksen: "Nå er situasjonen imidlertid at AKP nekter å la andre få
delansvar for driften av avisa, i stedet trekker partiledelsen martyrkrona ned
over ørene og forbereder seg på å dra Klassekampen med seg over i det
hinsidige". Eg trur Eriksen vil ha vanskelig for å dokumentera denne påstanden
ut frå kjensgjerninger. Eg trur heller ikkje at det store fleirtalet av eigarar
ville tilate det. For å utdypa dette skal vi sjå på eit område der AKP vert
overvurdert.

AKP har vitterleg ein for liten organisasjon til å byggja ut eit tilstrekkelig
sals- og nyvervearbeid for avisa. AKP går i brodden for å auke laussal og
verving - men vi er ikkje åleine og det trengs mange fleire. Kort sagt trengs
det eit organisert og operativt nettverk - kanskje under ei sentral leiing. Vi
er dessutan utan særrettar i å påverka avisas redaksjonelle line - avisa styres
etter redaktørplakaten, og vi kan bare påverka avisa på same måten som andre
ved å rose avisa der ho gjer framskritt og påpeike når ho etter vårt syn
misser. Vi er på eit vis utan innflytelse så godt som nokon annan. I
eigarposisjon kan vi overvaka formålsparagrafen med det verkemiddel å skifte
redaktør.
Vi er ofte bare verre stilt for om vi opnar munnen vert vi gjerne tillagt dei
mest usannsynlege motiv - ein vane som er vond å venne ettersom vi har hatt ein
dominerande eigarposisjon og må rekna med å bli tolka. På den andre sida vil
det alltid vera slik at den som arbeider konstruktivt også vil verta høyrt. Det
vil vi som organisasjon gjerne leva opp til. Våre spede erfaringer hittil gjev
bod om ganske store utfordinger og utvegar for å byggja ut Klassekampen. Difor
trur eg dei interessante utfordringane for avisa ligg i slike nyskapinger som
gjev avisa større redaksjonell tyngde - betre avisprofil. Her trur eg ikkje AKP
står i vegen - heller fantasien vår.

Men først må vi få innspel som kan avklara om avisa bør endre navn og
formålsparagraf. Dersom det er slik som Trond Andresen skriv at vi ikkje evner
å kommunisere med det potensiale på tusenvis av folk som begeistra kunne tatt
et tak for avisa, men heller støter dem fra seg, så kan ikkje vi leve med det.
Kan vi utvide det praktiske ansvaret for avisa til fleire, så er det særs
fristande for AKP. Vi står foran ein lenge etterlengta oppbyggingsperiode av
partiet etter å ha latt organisasjonsarbeidet vårt li av dei store og tærande
oppgåvene på 90-talet: Kampen mot unionen, kampen for einskap i den
revolusjonære rørsla (RV) og strevet med å fornya Klassekampens støtte i nye
generasjoner.

07.03.99
Beste helsing
Asgeir Bell
sekretær i AKP

PS. Eg voner Trond Andresen vil sitere meg når han vil arresetere meg for
moralisering og liknande. I staden for å sette karikerte utsagn i hermeteikn
som om han siterer meg.