NYTT INNSPEL OM "NYAVIS"

Asgeir Bell (bellanfi@newmedia.no)
Sat, 06 Mar 99 09:36:00 GMT

Olav Randen skreiv i sitt første opne brev til AKP: "Finst det viktigare ting
partiet kan utrette for det norske folket i åra frametter enn å vere med og dra
igang dette nye prosjektet". Eg siterte han der han var mest tydeleg på si
oppfatning om NYAVISA og på kva punkter han meinte Klassekampen sto i vegen for
det nye. Sidan han ba AKP gå for hans prosjekt, fann eg det naudsynt å be om
presiseringer på 3 områder - eg ba han og vera konkret. I sitt svar 4.mars finn
eg at Olav Randen gjev tilslutning til kriteria:
- Navn på avisprosjektet må avklaras - han har ikkje forslag no.
- Han aksepterer å forholda seg til formålsparagrafen til Klassekampen der han
foreslår ei endring
- Han er usikker på kapitalkjelder.
Her er mine spørsmål og vidare synspunkt for debatten.
- Har du navneforslag - sjølv om du er i tvil - legg dei gjerne fram. La andre
ta stilling.
- Randen vil stryke siste setningen i Klassekampens formålsparagraf for NYAVISA
(ut ifra et revolusjonært og sosialistisk grunnsyn). Dette er eit syn som har
vore på frammarsj i mange tiår - vekk med ei sosialistisk og revolusjonær
presse. Det fell saman med at klasseavisene har vorte trengt tilbake og no
framstår mest som levande orsakinger om si fortid (A-pressa). Det fell saman
med sosialdemokratiet sitt korstog mot klasseomgrepet og mot klassekjenslene i
folket - den moderne politiske undertrykkinga.
Pressa i nyare tid har fridd seg frå partitilknyttinga. Det var nødvending for
å ruste seg i kampen i avismarknaden som er hardare og krev fleksibilitet
(ingen merkelappar som bind avisene). Den politiske bindinga til partia er
svakare - stemmegrupper flyt i større straumar mellom partia - politisk
labilitet er eit kjenneteikn for tida. Populismen og høgreddreiinga gjorde for
alvor sitt inntog på 80-talet i Noreg (og Vesten). Venstresida kopierer dette.
I denne prosessen oppstår ein universell journalist som flytter frå
Klassekampen til Dagens Næringsliv utan særleg problem. Bæreren av avisordet
avpolitiseres.
Etter mitt syn er det å stryka revolusjonært og sosialistisk i plattforma det
same som å gje marknaden og den dominerande borgerlige offentligheiten fritt
spelerom. Det gjev ikkje ei nøytral avis, men det vil ganske raskt gje ei
anti-revolusjonær avis. I alle samfunnsmessige strider vil det verta eit enormt
press for at ei slik radikal avis skal avgrense seg mot revolusjonære. Den nye
journalistrollen beskytter seg mot påverknad og ynskjer seg sjølVrekruttert til
avisa på "faglig grunnlag" - ikkje minst er ein formålsparagraf med dette
tilsnittet viktig for rekruttering til staben. Journalistskulen utdannar ikkje
revolusjonære journalister i utgangspunktet. Eit døme på denne problemstillinga
var Bjerke og staben hans som faktisk greidde å ta avisa ut mot RV i valet 1997
- etter i lang tid å ville avgrense seg frå avisas støttespelarar. Det tyder
ikkje at avisa ikkje hadde viktige kvaliteter i denne tida.
Synet mitt utdjupes av at klassekampen i samfunnet meir og meir fortel at folks
velferd ikkje kan løysast under kapitalismen. Ein finn ikkje svar innafor
kapitalismen. Det er bare mogleg med forsvarskamp som rett nok får større
tyngde om han koplas til revolusjonære krav - til offensive krav. Eg trur difor
at Olav Randens avisprogram på dette punktet ikkje duger. Randen går ikkje mot
avisa som organisator - det er bra. Han er og mot ei moraliserande avis. Til
det siste: Avisa sine knappe ressursar er idag største trusselen for at vi får
lettvint PK-stoff (politisk korrekt). Det er ikkje minst viktig at lesarane er
aktivt og venleg kritiserande i høve til dette. På mange områder må avisa opne
lukene for djupare motseiinger på såvel området økonomi, vitenskap og
politikk. Vi står førebels overfor samla veikskaper i venstresida og den
revolusjonære rørsla. På den andre sida har vi heller ikkje mobilisert alle
ressursar!
- Ei revolusjonær og sosialistisk avis (Klassekampen)hadde potensial for ei
kapitalutviding på 5,9 mill i 1998. Bjerke sitt avis-prosjekt var nær konkurs
og med fallande abonnement. Det problematiske er at dei 5,9 mill. ville ikkje
kome på banen for Bjerke-prosjektet. Altså ein sikker konkurs. Men tek eg feil?
Det er eit viktig år for Klassekampen vi er inne i. Små marginer. Om 20-40 tek
aktivt del, så kan det gjera tingen. Om 20-40 vert passive så kan det og gjera
tingen andre vegen. Har du nokre vurderinger om kapitalkjelder - legg dei
fram, vi kan i fellesskap vurdere det.

Eg kommenterer ikkje Randens vurderinger av personar og partiet AKP.

06.03.99
Beste helsing

Asgeir Bell
sekretær i AKP