LO utan 1. mai

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 19 Feb 1999 09:17:47 +0100

"På teppet" hadde visst ikkje bruk for denne saka, men kanskje KK-forum
har sans for ho:

Bladet "Kartellnytt" blir sendt til alle LO-organiserte i staten. I nr.
1/99 gjev det ei liste over "årets begivenheter". Internasjonalt er det
"markeringer i fleng". Vi får vite at:
8. mars er internasjonal kvinnedag
21. mars er internasjonal dag for å avskaffe rasediskriminering
22. mars er internasjonal dag for vatn
23. mars er den meteorologiske verdsdagen
7. april er verdas helsedag
23. april er den internasjonale bokdagen
3. mai er internasjonal dag for pressefridom
osv.

Men er det ikkje ein dag som manglar mellom 23. april og 3. mai, tru?
Ein dag som også har eit visst internasjonalt tilsnitt? Har LO Stat
gløymt den?

Bladet har også eit par andre lister over kva vi bør merke oss i år. Av
dei viktige sakene er at euroen er innførd, og at vi får ny aksjelov. At
det er fem år sidan folket sa nei til EU, er sjølvsagt ikkje så viktig
at LO Stat vil minne oss om det...

Lars Staurset