Kosovo

Jon Hareide Aarbakke (JHA@computas.no)
Mon, 15 Feb 1999 15:50:29 +0100

Det har vore sagt relativt lite om Kosovo her, etter det eg kan sjå, men eg
les no Hartvig Sætra i Dag og Tid (som de alle bør teikne abonnement på), og
eg les mykje rart i KK om dette. Særleg synest eg det ser ut som om KK
meiner at det beste ville vere om "verdssamfunnet" overlot til partane å
slåst til det ikkje var meir blod att - eller les eg feil?

Alternativa er desse:
1) ikkje gjere noko -> serbarane "vinn" militært og det vert langvarig
borgarkrig med store albanske tap
2) støtte Kosovo i kampen for sjølvstende -> gjere russarane og serbarane
_svært_ sure, gjere grekarane urolege, osb.
3) støtte Serbia: Kosovo, det er oss, og vi gjer som vi vil (folkerettsleg
korrekt, er det ikkje det?)
4) lage eit kompromiss som er uspiseleg for båe partane: Kosovo med indre
sjølvstyre.
5) ?

Kva er realistisk i dag, om vi ser bort frå NATO sitt ønskje om "out of
area" osb?
Kva er ønskeleg på sikt? Tror vi på ei fredfull løysing som i 4 på sikt?

Det er mange spørsmål, men eg vert ikkje tilfreds av sutet i KK om NATO sin
imperialisme.
Nokon som kan hjelpe her? Legg igjen ideologiane ved døra.

Jon