Ny avis?

Olav Randen (boksmia@online.no)
Mon, 1 Feb 1999 09:43:57 -0800

Morten Falck og Arnulf Kolstad og fleire har etter mitt skjøn rett i eit
viktig spørsmål: Det er ikkje - eller iallfall i liten grad -
majoritetseigaren av aksjar som står i vegen for at folk fornyar
abonnementet på Klassekampen.
Eg trur også Jon Michelet har rett i at abonnentane skiftar mykje. Eller
meir presist: Det finst eit grunnfjell på nokre tusen, abonnentar i tredve
år dei fleste, og dinest relativt mange tusen som er innom. Med
laurdagsabonnement, prøveabonnement, kvartalsabonnement og liknande.
Kvifor er dei innom? Å dømme etter min eigen politiske omgangskrins fordi
dei ønskjer seg ei riksavis eller to, men ikkje syns noko særleg om nokon av
dei. Dagbladet blir for spekulativt, Dagsavisen for Oslo-orientert, Nationen
for kreisam og Aftenposten for lik Dagsrevyen. Difor vil dei prøve om
Klassekampen gir betre informasjon.
Men neste spørsmål er viktigare: Kvifor blir dei ikkje verande abonnentar?
Fordi dei opplever avisa som
- for mykje moralsk og for lite informativ,
- for Oslo-orientert og for lite riksavis,
- for lite miljøoppteken,
- for mykje skoleavis utan evne til å halde stoff på avstand.
Om eigarskapet blir endra og AKP sel seg ned til 20 eller 30 prosent, vil
det altså neppe sikre avisa. Einaste måten å sikre avisa på, er å gjere ho
meir interessant og vesentleg. Og det følgjer ikkje utan vidare av endra
eigarskap.
Men difor har eg heller ikkje særleg tru på den noverande vervekampanjen.
Det kan nok la seg gjere å få ein heil bråte med abonnentar, det er ikkje
det, for nysgjerrige, famlande folk finst det heldigvis mange av. Men eg
tviler på om dei blir verande abonnentar.
Kva så? Ein ny livredningskampanje? Og endå ein? Miljøet rundt AKP kan dette
med kampanjar og gjorde ein framifrå innsats i fjor. Men dei bygde opp
falske voner om ei betre framtid. Dei lurde folk då dei sa at 3,5 millionar
eller deromkring skulle gå til nedbetaling av gjeld og resten til nytt
utstyr og kvalitetsbetringar. No er truleg gjelda like stor og konkursen
minst like nær som eit år sidan trass i aksjeinnsprøyting på 5,9 millionar.
Eg trur ikkje det går ein gong til - og endå ein gong og endå ein gong - på
den måten. For når folk føler seg lurt, vil dei ikkje gå med på det same på
nytt.
Altså hamnar prosjektet Klassekampen i grøfta. Då kan vi som Morten Falck
framleis prate om det stolte prosjektet og den heroiske partiinnsatsen, men
berre som fortid.
Difor er spørsmålet om det finst ei anna løysing, å danne ei ny avis. Nytt
namn og breiare (men ikkje sløvare) plattform, og med Klassekampen som ein
viktig del av grunnmuren. For Klassekampen har ein redaksjon, lokal,
røynsler, abonnentar som gir den nye ein enklare start.
Ei slik avis vil kunne få ein stor del av dei som har lukta på Klassekampen,
som abonnentar. Ei slik avis vil kunne arbeide seg opp ei plattform som ei
uavhengig, analytisk skarp og engasjert avis og såleis bli ein reiskap for å
utvikle norsk opposisjonspolitikk.
Nei då, heller ikkje eg meiner det er enkelt. Arne Eriksen etterlyser
økonomiske analysar. Dei har eg ikkje. Men eg trur ut frå min eigen
politiske omgangskrins siste tiåret i Nei til EU, Norsk Bonde- og
Småbrukarlag, Noregs Mållag og diverse miljøarbeid at det er temmeleg mange
potensielle abonnentar. Talet på tingarar frå desse miljøa vil ikkje berre
kunne aukast, men fleirdoblast. Ikkje så at det er tilstrekkeleg svar på
innvendingane frå Eriksen, men eg har ein liten mistanke om at dei ivrigaste
forsvararane av noverande Klassekampen også har eigeninteresse av at folk
avviser alle andre løysingar som økonomisk uaktuelle og trur framtida er
Klassekampen eller ikkje noko.
Arnulf Kolstad etterlyser kvalifiserte skribentar som er villige til å jobbe
under dei vilkåra ei opposisjonsavis kan tilby. Dei finst neppe i miljøet
rundt Klassekampen, det er så. Men i småbrukarlaget og i Nei til EU har vi
ofte leitt etter folk som kan skrive, og vanlegvis funne dei. Så dersom
avisa leitar etter dugande folk og godtek at dei sjølve vel bu- og
arbeidsplass, trur eg problemet langt på veg kan løysast.
Dette har eg skrive meir om før, som forslag til Klassekampen som korkje
avisa eller aviseigaren synte interesse for. Sjå Klassekampen-forum 6.11.98:
Tre forslag til Klassekampen.
Det går altså truleg ikkje stort lenger å drive som no. Orienteringa frå
styreleiar og disponent syner at ved årtusenskiftet er Klassekampen mest
truleg historie for andre enn skifterett og kreditorar, heroisk for Morten
Falck og noko meir opp og ned, men mest opp, for dei fleste av oss. Men om
Klassekampen og AKP stiller sine ressursar til rådvelde og går saman med
andre om ei ny avis, kan det - kanskje - la seg gjere.
Og viss det kan det, spør eg Nils P. Lie-Gjeseth, Erik Ness og andre
AKP-arar som les desse forum-innlegga: Finst det viktigare tenester AKP kan
gjere det norske folk?

Olav Randen