Svar til Arne Eriksen

Olav Randen (boksmia@online.no)
Tue, 26 Jan 1999 11:38:20 -0800

Det var då svært så Arne Eriksen tek på veg: "Det er ingen ny opplevelse at
personer uten
spesiell stor erfaring fra det indre liv i en avisredaksjon har store vyer
og sterke meninger om hvordan ei avis bør drives. Tittelforslaget
FAKTA/ANALYSE forteller det meste."
Eg må altså skrive litt om meg sjølv. Eg har ikkje spesielt stor erfaring
frå det indre liv i ein avisredaksjon, det er sant nok. Eg har skrive
frilans for ulike aviser no og då gjennom mange år - til Klassekampen stort
sett gratis. Eg var deltidstilsett i ei organisasjonsavis i tre-fire år. Og
eg har skrive eit utal lesarinnlegg.
Siste halvtanna året har eg forresten drive i ein annan mediebransje, eg har
starta bokforlag (www.boksmia.no). Det gjorde eg utan erfaring frå bransjen,
men det ser ut til å gå bra. To av dei fem bøkene eg har gitt ut så langt,
har gått i balanse, og tre bøker har eg tent pengar på, slik at eg har eit
overskot å bruke på meir hasardiøse og politisk viktige tiltak.
Poenget med å skrive om meg sjølv er berre å hevde at også vi som ikkje til
dagleg er del av det pulserande livet i ein avisredaksjon, må ha
meiningsrett om avisdrift.
Og eg skreiv slett ikkje at FAKTA/ANALYSE er ein aktuell avistittel,
Eriksen. Eg skreiv derimot at han ikkje er det: "Som arbeidstittel for avisa
foreslår eg FAKTA /ANALYSE. Ikkje fordi det er ein brukande avistittel, men
fordi det fortel noko vesentleg om innhaldet."
Men når eg, som først og fremst er småbrukar og korkje journalist eller
forleggjar, snakkar med sambygdingar, snakkar vi ofte om veret. Bønder plar
gjere det. Ikkje berre om veret i går og veret i dag, men om at unormalt ver
har vorte normalt. Då hender det eg kan vise til ting eg har lese om
temperaturauke til lands og til havs i danske Information eller i der
Spiegel eller på nettet eller i Worldwatch-rapportar. Og at grannen undrast:
Kvifor i all verda står det ikkje noko om dette i norske aviser? Og kvifor
ser vi ingen ting om det på fjernsynet? Eller vi pratar om økonomi og
undrast på korleis det har seg at ein advokattime og ei halv famn ved kostar
det same. Eller vi undrast korleis det går i lengda i eit samfunn og eit
verd der skilnadene mellom folk blir større og større? Eller vi uroar oss
over rovfiske og rovdrift på naturen og spør kor lenge naturen tåler det.
Grannane mine høyrer ikkje heime i RV og ikkje på venstresida i SV. Dei
fleste av dei er meir eller mindre heimlause politisk. Dei er heller ikkje
så interesserte i partiaviser. Dei to som eg veit har prøvt Klassekampen,
let vere å fornye, for dei fann ikkje nok av interesse der.
Men dei er likevel interesserte i korleis ting har seg. Dei vil forstå
verda. Og dei opplever at media flest ikkje gir dei særleg større forstand.
Eg trur dei er representantar for svært mange nordkvinner og -menn. Eg trur
altså det finst eit stadig større tomrom i den norske medieverda når det
gjeld sakleg informasjon, nøkterne fakta og konkrete analysar.
Eg ønsker slett ikkje at Klassekampen skal gå inn, for eg innser både at det
gjer norsk mediaverd fattigare og meir tannlaus og at det er vanskeleg å få
noko anna i staden. Men eg tolkar dei opplysningane disponent og styreleiar
la fram i avisa 15.1 slik at nedlegging av avisa ikkje berre er mogeleg, men
sannsynleg. Då er det eg tykkjer det er verdt å spørje - utan å bli avvist
med at ein ikkje har tilbrakt år av sitt liv i ein avisredaksjon - om det
finst andre utvegar. Om det finst andre, nærslekta avisprosjekt som kan
vere til nytte og - kanskje - kan realiserast.
Eigentleg trur eg ikkje Arne Eriksen er så usamd heller. Eg trur berre han
skreiv før han tenkte.