Ny avis?

Olav Randen (boksmia@online.no)
Mon, 25 Jan 1999 09:10:19 -0800

Eg kan vere samd med Jon Michelet i at uttrykket på sotteseng om
Klassekampen er misvisande. For avisa er trass alt oppegåande. Men disponent
og styreleiar skriv altså at ho samlar 200.000 nye kroner i underskot kvar
månad. Dette er, så vidt eg forstår, før portoen går opp og pressestøtta går
ned som følgje av lågare abonnenttal i 1998 og truleg også som følgje av
innstramming. Dei to skriv at avisa må ha ein abonnentvekst på 27 % eller
1100 faste og 1100 laurdagsabonnentar. Eg får ikkje heilt samsvar mellom
opplyste opplagstal og dette, for om 27 % er 1100, blir 100 prosent snautt
4.100. Men la no det vere.
På meg verkar det ein slik opplagsauke lite realistisk. Det finst i dag lite
av nye, opprørske miljø der mange abonnentar kan hentast. Det er heller
ikkje mykje å hente frå tidlegare abonnentar. For det er, om vi ser bort frå
at folks privatøkonomi og politiske engasjement går opp og ned, to grunnar
til at dei har avslutta abonnementet, protestar mot overkøyringa av den
førre redaksjonen og misnøye med kvaliteten på avisa. Den første grunnen er
det lite å gjere med, ein sjølvkritikk eit år etterpå vil framstå som ei
botsøving for å berge eige andlet eller prosjekt og lite anna. Eg har
heller ikkje tru på at redaksjonen er innstilt på eller i stand til å leggje
om avisa slik at ho til dømes blir meir riksavis og mindre Oslo-avis. Eller
meir miljøavis. Slik det står til no, har dei heller ikkje handlefridom til
å famle.
Altså må vi ta på alvor det disponent og styreleiar skriv om at viss ikkje
stoda betrar seg radikalt, blir det skifterett og konkurs til hausten. Om
diagnosen på sotteseng er feil, er ein diagnose sjuk med døden som
sannsynleg utfall dessverre rett. Om overlevingssjansane er på 10 eller 20
eller 40 prosent, veit eg ikkje.
Sjølv om eg har mykje å kritisere Klassekampen for, tykkjer eg det er leitt
om det går ille med avisa. For risikoen for at vi i så fall blir verande
utan noko liknande er stor. Eg kan forstå at Jon Michelet ut frå sin
redaktørposisjon har motvilje mot at folk diskuterer arven og drifta vidare
før døden har kome, og på eitt vis har han sjølvsagt rett i at også ein
dødsspådom kan bli sjølvoppfyllande. Men viss vi baserer oss på at det går
bra og i så fall tek i miss, er risikoen større for at A-4-media er
einerådande om eit år eller to. Difor er det framtidsretta og fornuftig å
gjere som Trond Andresen og satse på to hestar, på verving til Klassekampen
og samstundes starte debatten om nye avisprosjekt.
Tomrommet i dag
Ei differensiert presse blir stadig fjernare. Dagbladet, VG, Aftenposten,
Dagsavisen og dei andre blir meir og meir like. Dei er alle meir opptekne av
sexlivet til Bill Clinton enn av klimaendringane, for å ta eit døme. Den
same utviklinga ser vi i etermedia
Det finst eit tomrom når det gjeld seriøs, sanningssøkjande journalistikk,
altså aviser til å bli klok av og ikkje berre til å la seg underhalde av,
aviser om samfunn og natur meir enn om kjendisar.
Program
Eg ser for meg ein erstattar for Klassekampen som har som mål at lesarane
skal få større innsikt. Som arbeidstittel for avisa foreslår eg FAKTA
/ANALYSE. Ikkje fordi det er ein brukande avistittel, men fordi det fortel
noko vesentleg om innhaldet.
FAKTA /ANALYSE kan ha fire grunntankar:
1. Alle menneske er like verdifulle
2. Heile landet er like viktig
3. Mennesket er berre ein del av naturen.
4. Det gjeld å finne heile sanninga.
Dette er målsetjingar som vil skilje frå det meste av norsk avisdrift. For
aviser flest er vesteuropearar viktige og folk i den tredje verda uviktige.
For såkalla riksaviser flest, også Klassekampen, er oslo-folk viktigare enn
finnmarkingar. For aviser flest er naturen berre ein reiskap for menneska,
og det at den globale gjennomsnittstemperaturen truleg vil gå opp med 1-3,5
grader dei neste 100 åra eller det at svolten tiltek er i høgda verdt ein
notis eller to. I Klassekampen som i Verdens Gang er film- og
teaterpremierane i Oslo langt viktigare. For Verdens Gang gjeld det å gi Gro
Harlem Brundtland og Knut Vollebæk heltestatus og for Klassekampen galdt det
å løyne opplagsnedgangen i staden for å spele med opne kort (først i februar
kjem dei nådelause tala frå Statistisk Sentralbyrå, slik at no er det inga
anna råd enn å kome dei i forkjøpet).
Målsetjinga med avisa bør altså ikkje vere å gjennomføre ein sosialistisk
revolusjon og ikkje å overtyde lesarane om at dei må bruke stemmeseddelen
til Raud Valallianse og heller ikkje ein tanke om venstresida si dagsavis,
men å gi korrekt og vesentleg bakgrunnsinformasjon, slik at folk blir i
stand til å tenkje sjølve.
Samvirkeprinsippet
Eg har lita tru på Trond Andresens forslag om ei partnaravis med prosentvis
fordelte rettar for partnarane (gamle Klassekampen, Nei til EU, Norsk Bonde-
og Småbrukarlag og fleire), med signerte artiklar, redaktør på omgang og
mykje slikt. Der deler eg innvendingane til Jon Michelet. Ein ting er at ei
avis må vere ein sjølvstendig aktør og leve sitt eige liv. Presset utanfrå
bør vere frå lesarar som krev å bli informerte meir enn frå organisasjonar
som krev at deira målsetjingar blir følgde. Ein annan grunn er at
organisasjonar flest ikkje vil og ikkje bør binde seg til ei avis. Som
medlem i Norsk Bonde- og Småbrukarlag til dømes rår eg organisasjonen til å
halde på og byggje ut si medlemsavis og ut over det forhalde seg på same
måten til alle aviser.
I staden bør FAKTA/ANALYSE organiserast ut frå samvirkeideen. Kjernen i
samvirkeideen er at alle deltakarane har felles interesser og er like
viktige. Eg tenkjer meg altså eit andelsselskap der kvar andelseigar, stor
eller liten, har ei røyst, der årsmøtet eller generalforsamlinga vel styre
og der styret tilset redaktør. Ei breitt samansett gruppe initiativtakarar
kan lansere ideen. Kvar andelseigar skyt inn ein sum, minst 1000 eller 2000
kroner. Andelseigaren får avisa litt billigare enn andre, men må betale ein
administrasjonskostnad til samvirket for sitt medlemskap.
AKP si rolle
Framleis har AKP den reelle kontrollen over Klassekampen. Partiet har mykje
ansvar å bere for den nedlegginga som truleg er i kjømda. Men AKP kan også
spele ei viktig rolle i å byggje opp FAKTA, fordi partiet gjennom
Klassekampen disponerer noko ingen annan avinteressentane har, ein
innarbeidd avistradisjon med eit visst kundegrunnlag.
Fordi prosjektet FAKTA er usikkert, er AKP og dagens Klassekampen som
deltakar truleg avgjerande for at det skal lykkast.
Det finst, det eg ser, ingen annan måte AKP i så stor grad kan påverke norsk
politikk rundt tusenårsskiftet på som gjennom å stille seg til disposisjon
for dette arbeidet. Difor er dette også det beste for partiet.
Kommentarar til Trond Andresens framlegg
Det eg har skrive her, fell på mange måtar saman med det Andresen skriv om
Avis X. Det er to skilnader:
1. Eg ønskjer å gjere den politiske plattforma mindre knytt til politiske
standpunkt. Målet for ei avis er å stille og kaste lys over dei vesentlege
spørsmåla meir enn å gi dei politisk rette svara. Dei politiske
konklusjonane må lesarane trekkje sjølve. Dette har Andresen og eg hatt
nokre rundar om før på dette forumet, ca. eit år sidan, ut frå stikkorda
informasjon og agitasjon. Den som vil ha ein utdjupa argumentasjon, kan
difor leite seg attende.
2. Eg ser altså for meg ein annan og meir direkte organiseringsmåte for
FAKTA.