Re: KK (eller Avis X) sin framtid (utdrag av brev)

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Tue, 19 Jan 1999 16:20:34 +0100 (CET)

Trond sitt initiativ til å dra i gong eit ordskifte om eit nytt
avisprosjekt på venstresida er prisverdig. Det trengs ordskifte av denne
typen, både av di det gjennom dette kjem fram interessante tankar om kva
som skal til for å driva avis, og for å utvikla planer for framtida.

Men eg meiner at det bygger på noko feil premiss - analysa av kva det
grunnleggande problemet er.

Etter det eg kan sjå er TA sitt svar her at det grunnleggande problemet i
prinsippet er organisatorisk - KK har for snever eigarstruktur, ein må dra
med breiare lag av venstresida. Eg meinar at det store problemet i
prinsippet er politisk: Det mangler ei kraftfull revolusjonær rørsle som
avisa KK kan vera eit uttrykk for. Venstresida i Noreg er svak og
oppsplitta i mange grupper. RV, som er den "største gruppa" er sjølv
ekstremt smansett, og dessutan i dag for dårleg organisert til å kunna
utgjera noko kjerne.

Ei avis som KK kan etter mitt syn berre overleva dersom ho har ei
organisert rørsle i ryggen. Dette skuldast at ei revolusjonær avis i det
kapitalistiske Noreg er "naturstridig". Utan ei organisert kraft som er i
stand til å om att og om att støtta avisa både med stoff og pengar, er
alternativa:
a) Sakte død - frå dagsavis til vekeavis til intet
b) "Avis X" - ei venstreavis som femnar neifronten, SV,RV osb. utan
revolusjonær formålsparagraf og utan "provoserande" namn.

Sjølv syns eg alternativ b) (TA si løysing) er betre enn a), men vel
likevel å fokusera på alternativ c):
c) Ei gjenoppbygging og reorganisering av dei revolusjonære kreftene der
avisa både er medspillar, pådrivar og resultat.

Eg trur at jobben no er å sørga for at medan denne prosessen går sin gang.
(Eg meinar at han er i gang allereie) overlever KK *som revolusjonært
alternativ*. Dette er ein fullt ut mogleg oppgåve.

I dag tyder det å verva abonnentar. For eitt år sidan, å selga aksjer.

Paal Hellesnes
Personsoekar: 96 84 78 06
Finger paal@feskar.net for PGP-nøkkel