Møteplass Europa - EØS-linjen

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 15 Jan 1999 12:43:51 +0100

"Møteplass Europa - EØS-linjen"

UD har oppretta internettsider som gjev ein del offisiell informasjon om
OSSE, EØS og andre saker dei arbeider med. Start i www.ud.dep.no.

Kvalitet og innhald har ikkje eg tid til eller føresetnader for å
vurdere, men det ser ut til å liggje noko informasjon der. F.eks. kan
ein finne lister over EF-rettsakter som er behandla eller kanskje skal
behandlast i EØS-komitéen i Stortinget. Ei av sakene heiter "Forslag til
europaparlaments- og rådsdirektiv om endring av europaparlaments- og
rådsdirektiv 95/2/EF om andre tilsetningsstoffer enn fargestoffer og
søtstoffer". Dessverre står det lite konkret om kva saka handlar om.

Dei som lurer på kva ESA driv med, kan via UD finne fram til
internettsidene deira: www.efta.int/structure/SURV/efta-srv.cfm.
Rena-folk som mista jobben då ESA la ned Kartongen, kan der finne
jobbtilbod til 3,5 mill. belgiske francs i året. (Kven skal bruke euro
når ikkje ESA gjer det???)

Lars Staurset