SV:_Hvor_menneskefiendtlig_går__det_an___

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Tue, 12 Jan 1999 17:28:28 +-100

Eg er forsåvidt samd i at det hadde vore gildt med gode, klårt definerande svar på skiljet mellom porno og erotikk.

MEN: Det er SYND at kvar gong nokon reiser kamp mot porno, er motsvaret: "Kva med erotikken?". Kvar faen er denne erotikken? "Erotikk" med nakne menneske i blad eller levande bilete, som IKKJE er spekulativt/profittmotivert, er det ikkje noko ein kjem over ofte. Slik er det fordi vi lever under kapitalismen, og i eit patriarkat. Dei varene som blir framstilte på det "erotiske" området er alle prega av dei vilkåra dei er framstilte under.

Difor er det slik at det finst tusenvis, millionar, av pornoblad i kioskar og butikkar i heile Noreg og verda over, som "ALLE" på den sokalla venstresida vil vera SAMDE om at ER porno, ER undertrykkjande. Som kontrast til desse millionar av pornoprodukta står det ei bok eller fem på eit bibliotek ein stad, med "likeverdige" sex-bilete (i svart-kvitt sjølvsagt). Kvar forbanna gong vi freistar ta opp kampen mot dei millionar av pornovarene (blad, filmar etc) blir debatten AUTOMATISK dreid inn på dei tre bøkene på eit bibliotek ein stad. Og vi blir avkrevd kjennskap til og ei analyse av desse tre bøkene før vi "får lov til" å utøva vår kritikk av den pornoen samfunnet blir oversvømt av.

Eg har IKKJE tenkt å gå med på dette, og eg HAR rett og slett ikkje nokon klår definisjon av skiljet mellom "erotikk" og porno.

Mingus

----------
Fra: Espen[SMTP:espen@feskar.net]
Sendt: 12. januar 1999 15:50
Til: Trond Andresen
Kopi: klassekampen-forum@aksess.no
Emne: Re: Hvor menneskefiendtlig går det an å bli?

Heisann!

Skal svara kjapt på eit par av spørsmåla som Trond tek opp. Har diverre
ikkje tid til å svara utfyllande på noko, då eg sit på arbeid.

Trond etterlyser svar på om Raud Ungdom er mot alle filmane som skal bli
synte på Cinemateket. Diverre kjenner eg ikkje til alle dei filmane dei
skal syna, men eg kan ikkje sjå at det har gått fram av noko av det RU har
komentert og/eller skrive om denne saka. Derimot har det blitt pekt på
enkelte av filmane som skal til framsyning. Dette kan interresrte lesa
meir om i ope
forum i KK side 2 i dag.

Raud Ungdom har ikkje noko fastlagt syn på kva som er eit godt skilje
mellom porno og erotikk. Det tyder ikkje at vi ikkje har diskutert det,
eller ikkje tykkjer det er noko viktig. Så lenge det er dette spørsmålet
vi pornomotstandarar blir møtt med stadig lyt vi nok ha noko form for svar
på dette. Dette har likevel ikkje vore den prioriterte debatten for Raud
Ungdom. Vi freistar mobilisera folk til kamp mot det
kvinneundertrykkjande
synet som pornoen står i spiss for. Vi veit at denne kampen ikkje vinnast
gjennom å ropa på den sterke stat som kan forby alt vi ikkje tykkjer om,
sjølv om vi også nyttar anmelding jamfør den saka som no er oppe (dette er
trass alt eit grovt tilfelle - jamfør Linda Lovlace si bok). Det
viktigaste i anti-pornokampen trur eg må vera å settja søkjeljos på nye
offensivar som kjem frå pornoindustrien, ikkje å settja opp liner for kva
du «har lov til å sjå» og kva du «ikkje har lov til å sjå på».
Pornoindustrien sin frammarsj på norske kinolerret er eit viktig steg for
pornoprofittørane i freistnaden på å legitimera pornoen. Dette har vore
ein prioritet for oss å syna.

Når det ikkje er masse RUarar som kastar seg ut i debatten om dette på
KK-forum er det IKKJE av di alle er 1000 prosent samd i "lina" til Raud
Ungdom, eller at folk ikkje er intelektuelt interesserte. Når Trond skriv
at «denne sørgelige tilstanden har vedvart i RU i over 10 år», oppfattar
eg dette som surmaga oppgulp som ikkje har noko rot i røyndomen. Eg
skjønner godt at dei fleste RUarar vel andre måtar å bruka tida si på enn
å krangla på KK-forum.

Med venleg helsing Espen Løkeland-Stai, nestleiar i Raud Ungdom