Solheim og globalisering

Magnar Jarle Olsen (mjolsen@online.no)
Thu, 26 Nov 1998 11:29:28 +0100

Siste nummer av Mål og makt (Nr 3 1998, utgjeve av Norsk målungdom), har eit intervju med Erik Solheim (stortingsmannen) om globalisering. Eg henter nokre sitat derifrå:

"Men det er klårt at kapitalisme i vestleg forstand ville vere ein kolossal framgang for Tanzania eller Burundi eller Kina..."
"Når det gjeld multinasjonale selskap sine investeringer i fattige land , er ikkje det viktige å spørja om kvifor dei gjer det, men verknadene - og verknadene er i HOVUDSAK POSITIVE (utheva av meg)"
"Å trekkje Noreg ut av NATO vil ikkje skapa noko betre verd, men ei mindre organisert og dårlegare verd"

Er dette gangbar mynt i SV? Kva seier "museumsvaktarane"? Kva er i det heile skilnaden på Torbjørn Jagland og Erik Solheim?