Noko meir om Klassekampen

Olav Randen (boksmia@online.no)
Wed, 11 Nov 1998 22:32:17 -0800

This is a multi-part message in MIME format.

------=_NextPart_000_0007_01BE0DC3.23629680
Content-Type: text/plain;
charset="iso-8859-1"
Content-Transfer-Encoding: quoted-printable

Innlegget mitt med "tre forslag til Klassekampen" har vorte kommentert av Nils P. Lie-Gjeseth, Solveig Mikkelsen, Magnus Engen Marsdal og Svein Lund. Eg tek utgangspunkt i det Marsdal skriv. Det eine av dei tre forslaga, at avisa bør spele med opne kort og til dømes opplyse om både tilvekst og avgang av abonnentar, er han samd i. Om forslaget om å la miljø- og kulturstoff byte plass skriv han: "Det er lett å seia JA til noko, det vanskelege er å prioritera vekk anna stoff." Og stillingar utanfor Oslo skal - kanskje - kome i neste omgang. Altså er vi usamde, iallfall eit stykke på veg, om forholdet miljø og kultur og om Klassekampen som riksavis.

Miljø og/eller kultur

Eg har lese avisa for siste veka nokolunde systematisk. La oss først sjå på miljøstoffet. Denne veka har tre miljøspørsmål vore viktige, veterinæravtalen med EU, orkanen Mitch og klimaforhandlingane i Buenos Aires.

Om veterinæravtalen med EU har avisa skrive ganske bra.

Om Mitch har avisa ikkje skrive, med unntak av ein artikkel om oppryddinga i Nicaragua. Blant miljøspørsmåla er:

1.. Var Mitch ein naturkatastrofe eller - heilt eller delvis - eit resultat av den globale oppvarminga?
2.. Var omfanget av herjingane - heilt eller delvis - ein konsekvens av sivilisasjonens herjingar? Vi har sett det i andre flaumar at hus og byar i seinare tid er utsette fordi dei blir bygde utan omsyn til naturens eigne lover, at skogrydding, planering og grøfting øydelegg naturens evne til å samle opp og lagre flaumvatn og at vegar, bruer og veike demningar lagar kunstige, mellombelse vass-oppsamlingar som fører til store skadar når dei bryt saman.
Om slike spørsmål har eg altså ikkje funne noko i Klassekampen.

Om klimaforhandlingane i Buenos Aires har avisa trykt 2-3 NTB-artiklar av Lars Martin Hjorthoel. Greitt og instruktivt, men dei står i mange aviser, og både Noregs posisjon og forhandlingane har mykje meir stoff. For å nemne eitt tema: Økonomisk krise har dei siste åra pressa Russland til mindre industriproduksjon. Difor får dei kvotar til overs, og velståande land kan kjøpe rett til forureinsing som ikkje hadde funne stad i anna fall.

Eg går ikkje vidare med dette no, poenget er berre å få fram at viktige ting skjer og at dei kan analyserast på andre og grundigare måtar av den som ser dei økonomiske drivkreftene i verda enn av Aftenposten og Dagens Næringsliv.

Klassekampen har viktig kulturstoff, eg meiner ikkje anna. Men det er vanskeleg å prioritere vekk, skriv altså nyheitsredaktør Marsdal. No ja, det kan nok fleire hjelpe til med. La meg ta som døme dei to avisene eg har liggjande framfor meg: Er nyoppsetjinga av Hamlet på Nationalteatret verd å melde? Er det viktig at skodespelar a, b og c gjer gode jobbar, at d ikkje har fått høveleg rolle og at e meistrar rolla dårleg, at regissør f har gjort ein del feilgrep og at kulissane er så passelege? Vi kan lese at Urban Connection "er på turnerer for tiden i Norge. Senere står Europa for tur" (avisa si feilskriving og geografi-oppfatning). Vi kan lese at Sisu har gitt ut sin andre CD singel, og at "I sin helhet er denne eksperimenteringen blitt veldig vellykket og det eneste som ikke stemmer helt er en brå avslutning som kommer på et merkelig tidspunkt i remiksen, ellers er logikken like åpenbar som i andre dansbare genrer og vil forhåpentligvis bli spilt av andre DJer på de forskjellige ute
stedene". (avisa si teiknsetjing og logikk). Osv osv osv.

For å nemne det: Eg meiner at kunst og kultur er viktig, at kunst og kultur må vere prøving og famling utan fasit og at kulturdekninga i ei avis må vere romsleg.

Men stoff av same slaga kan vi lese i Aftenposten eller Dagsavisen eller Dagbladet. Ikkje akkurat av same slaga, for deira kulturstoff er vanlegvis meir gjennomarbeidd, meir å lite på og blir skrive av folk som kan komma-reglane.

Men klasseperspektivet manglar der? Sant nok, men det gjer det sanneleg også i kulturstoffet i Klassekampen. Det at kulturstoffet i hovudsak har vore av same slaget dei siste ti-femten åra, med den hovudtanken at kultur er bra og at lesarane treng større kvanta kultur, gjer at eg har lita tru på at analysane og heilskapsforståinga vil bli betre med det første. Difor trengst ein omveg. Den norske venstresida treng grundigare kunnskapar om historie og økonomi og samfunnsforhold for å bli i stand til å analysere kultur og dele han i to, i overklasse- og underklassekultur.

På lista over journalistar i avisa finn eg tre med kultur som særområde og fire med feature, som eg ikkje heilt veit kva er, men også trur har med kultur å gjere. Men kven har miljø som sitt fagfelt?

Klassekampen som riksavis

Marsdal er usikker på spørsmålet om distriktsmedarbeidarar. Det blir for dyrt, og det er ikkje opprør i Berlevåg kvar dag, skriv han. Nei nei, viss daglege opprør er kriteriet, må avisa emigrere.

La oss i staden gjere eit tankeeksperiment, prosjektet Klassekampen som riksavis.

1. Målsetjing:

No har avisa, etter det eg forstår, 43 tilsette og av dei 26-27 journalistar. Eit realistisk mål er å utvide det siste talet til 30. Av desse skal halvdelen, altså 15, vere i Oslo og halvdelen andre stader i landet, dels på distriktskontor og dels som frilansarar eller enkeltmedarbeidarar.

2. Økonomi:

Som Svein Lund viste i sitt innlegg, er ein medarbeidar i Finnmark ikkje dyrare enn ein i Oslo. Lokala er billigare, reisekostnadene blir omtrent dei same, sending av stoff kostar lite i dag og lønnskostnadene blir mindre fordi Finnmark - til dess ESA eventuelt får øydelagd det - ikkje har arbeidsgivaravgift.. Om avisa får ledige lokale i Grønlandsleiret, finst aktuelle leigetakarar. Fordi Nordkalotten, Kola-halvøya og Nord-Russland etter alt å dømme blir politisk viktige område framover og må dekkjast i alle høve om avisa skal gjere jobben sin, vil stuttare avstand dit spare reiseutlegg.

Attåt er det truleg råd å få støtte frå Statens Nærings- og Utbyggingsfond og kanskje frå kommunane som får nye arbeidsplassar viss prosjektet Klassekampen som riksavis verkar seriøst. Lag eit samla prosjekt for ein desentralisert bedriftsstruktur i tråd med målsetjinga skissert over og med stor vekt på bruk av moderne informasjonsteknologi, og SND vil truleg vise interesse og sjå det som eit pionerprosjekt.

3. Dei første stega:

Svein Lund sende jobbsøknad gjennom Klassekampen-forum. Vurder denne søknaden på linje med dei andre og la det ikkje diskvalifisere at han har ei anna oppfatning av kva som er sentrum i Noreg.

Ved utlysing av stillingar erstattar de desse orda: "Vi holder til sentralt i Oslo", med: "Arbeidsstad blir avgjort i samarbeid med den tilsette."

4. Organisering:

Om ein desentralisert bedriftsstruktur skal fungere, krev det bevisst tenking og organisering. Dersom dei viktige avgjerdene blir tekne på redaksjonsmøta eller i korridorane i Grønlandsleiret, vil ein einsleg medarbeidar i Finnmark lett bli eit alibi og eit heft og sjølv få ein utilfredsstillande arbeidssituasjon. Difor må avisleiinga skaffe seg rutinar for å halde oppe kontakten og sikre at medarbeidarar andre stader er med i avgjerdsprosessane og har same rettane som dei i Oslo.

Det er tenkinga det kjem an på

Forholdet mellom kultur- og miljøstoff handlar om tenking. Meiner avisa at miljøstoff er viktig, er det fullt mogeleg å prioritere det opp, og det er, som eg har nemnt nokre døme på, flust opp av uvesentleg, tannlaust og dårleg kulturstoff å skjere vekk.

Forholdet mellom Oslo og resten av landet handlar også om tenking. Meiner avisa at det er like viktig å dekkje andre delar av landet som Oslo, er det fullt mogeleg å gjere det, også innanfor dei økonomiske rammene Klassekampen har. Korkje geografi, økonomi eller samfunnsforhold står i vegen.

Men då er vel alt greitt? Nei, noko anna som står i vegen: Hovuda til dei som bestemmer i avisa.

Olav Randen

------=_NextPart_000_0007_01BE0DC3.23629680
Content-Type: text/html;
charset="iso-8859-1"
Content-Transfer-Encoding: quoted-printable

<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD W3 HTML//EN">

 

Innlegget mitt med "tre forslag til Klassekampen" har vorte kommentert av Nils P. Lie-Gjeseth, Solveig Mikkelsen, Magnus Engen Marsdal og Svein Lund. Eg tek utgangspunkt i det Marsdal skriv. Det eine av dei tre forslaga, at avisa bør spele med opne kort og til dømes opplyse om både tilvekst og avgang av abonnentar, er han samd i. Om forslaget om å la miljø- og kulturstoff byte plass skriv han: "Det er lett å seia JA til noko, det vanskelege er å prioritera vekk anna stoff." Og stillingar utanfor Oslo skal – kanskje - kome i neste omgang. Altså er vi usamde, iallfall eit stykke på veg, om forholdet miljø og kultur og om Klassekampen som riksavis.

Miljø og/eller kultur

Eg har lese avisa for siste veka nokolunde systematisk. La oss først sjå på miljøstoffet. Denne veka har tre miljøspørsmål vore viktige, veterinæravtalen med EU, orkanen Mitch og klimaforhandlingane i Buenos Aires.

Om veterinæravtalen med EU har avisa skrive ganske bra.

Om Mitch har avisa ikkje skrive, med unntak av ein artikkel om oppryddinga i Nicaragua. Blant miljøspørsmåla er:

  1. Var Mitch ein naturkatastrofe eller – heilt eller delvis – eit resultat av den globale oppvarminga?
  2. Var omfanget av herjingane – heilt eller delvis – ein konsekvens av sivilisasjonens herjingar? Vi har sett det i andre flaumar at hus og byar i seinare tid er utsette fordi dei blir bygde utan omsyn til naturens eigne lover, at skogrydding, planering og grøfting øydelegg naturens evne til å samle opp og lagre flaumvatn og at vegar, bruer og veike demningar lagar kunstige, mellombelse vass-oppsamlingar som fører til store skadar når dei bryt saman.

Om slike spørsmål har eg altså ikkje funne noko i Klassekampen.

Om klimaforhandlingane i Buenos Aires har avisa trykt 2-3 NTB-artiklar av Lars Martin Hjorthoel. Greitt og instruktivt, men dei står i mange aviser, og både Noregs posisjon og forhandlingane har mykje meir stoff. For å nemne eitt tema: Økonomisk krise har dei siste åra pressa Russland til mindre industriproduksjon. Difor får dei kvotar til overs, og velståande land kan kjøpe rett til forureinsing som ikkje hadde funne stad i anna fall.

Eg går ikkje vidare med dette no, poenget er berre å få fram at viktige ting skjer og at dei kan analyserast på andre og grundigare måtar av den som ser dei økonomiske drivkreftene i verda enn av Aftenposten og Dagens Næringsliv.

Klassekampen har viktig kulturstoff, eg meiner ikkje anna. Men det er vanskeleg å prioritere vekk, skriv altså nyheitsredaktør Marsdal. No ja, det kan nok fleire hjelpe til med. La meg ta som døme dei to avisene eg har liggjande framfor meg: Er nyoppsetjinga av Hamlet på Nationalteatret verd å melde? Er det viktig at skodespelar a, b og c gjer gode jobbar, at d ikkje har fått høveleg rolle og at e meistrar rolla dårleg, at regissør f har gjort ein del feilgrep og at kulissane er så passelege? Vi kan lese at Urban Connection "er på turnerer for tiden i Norge. Senere står Europa for tur" (avisa si feilskriving og geografi-oppfatning). Vi kan lese at Sisu har gitt ut sin andre CD singel, og at "I sin helhet er denne eksperimenteringen blitt veldig vellykket og det eneste som ikke stemmer helt er en brå avslutning som kommer på et merkelig tidspunkt i remiksen, ellers er logikken like åpenbar som i andre dansbare genrer og vil forhåpentligvis bli spilt av andre DJer på de forskjellige utestedene". (avisa si teiknsetjing og logikk). Osv osv osv.

For å nemne det: Eg meiner at kunst og kultur er viktig, at kunst og kultur må vere prøving og famling utan fasit og at kulturdekninga i ei avis må vere romsleg.

Men stoff av same slaga kan vi lese i Aftenposten eller Dagsavisen eller Dagbladet. Ikkje akkurat av same slaga, for deira kulturstoff er vanlegvis meir gjennomarbeidd, meir å lite på og blir skrive av folk som kan komma-reglane.

Men klasseperspektivet manglar der? Sant nok, men det gjer det sanneleg også i kulturstoffet i Klassekampen. Det at kulturstoffet i hovudsak har vore av same slaget dei siste ti-femten åra, med den hovudtanken at kultur er bra og at lesarane treng større kvanta kultur, gjer at eg har lita tru på at analysane og heilskapsforståinga vil bli betre med det første. Difor trengst ein omveg. Den norske venstresida treng grundigare kunnskapar om historie og økonomi og samfunnsforhold for å bli i stand til å analysere kultur og dele han i to, i overklasse- og underklassekultur.

På lista over journalistar i avisa finn eg tre med kultur som særområde og fire med feature, som eg ikkje heilt veit kva er, men også trur har med kultur å gjere. Men kven har miljø som sitt fagfelt?

Klassekampen som riksavis

Marsdal er usikker på spørsmålet om distriktsmedarbeidarar. Det blir for dyrt, og det er ikkje opprør i Berlevåg kvar dag, skriv han. Nei nei, viss daglege opprør er kriteriet, må avisa emigrere.

La oss i staden gjere eit tankeeksperiment, prosjektet Klassekampen som riksavis.

1. Målsetjing:

No har avisa, etter det eg forstår, 43 tilsette og av dei 26-27 journalistar. Eit realistisk mål er å utvide det siste talet til 30. Av desse skal halvdelen, altså 15, vere i Oslo og halvdelen andre stader i landet, dels på distriktskontor og dels som frilansarar eller enkeltmedarbeidarar.

2. Økonomi:

Som Svein Lund viste i sitt innlegg, er ein medarbeidar i Finnmark ikkje dyrare enn ein i Oslo. Lokala er billigare, reisekostnadene blir omtrent dei same, sending av stoff kostar lite i dag og lønnskostnadene blir mindre fordi Finnmark – til dess ESA eventuelt får øydelagd det - ikkje har arbeidsgivaravgift.. Om avisa får ledige lokale i Grønlandsleiret, finst aktuelle leigetakarar. Fordi Nordkalotten, Kola-halvøya og Nord-Russland etter alt å dømme blir politisk viktige område framover og må dekkjast i alle høve om avisa skal gjere jobben sin, vil stuttare avstand dit spare reiseutlegg.

Attåt er det truleg råd å få støtte frå Statens Nærings- og Utbyggingsfond og kanskje frå kommunane som får nye arbeidsplassar viss prosjektet Klassekampen som riksavis verkar seriøst. Lag eit samla prosjekt for ein desentralisert bedriftsstruktur i tråd med målsetjinga skissert over og med stor vekt på bruk av moderne informasjonsteknologi, og SND vil truleg vise interesse og sjå det som eit pionerprosjekt.

3. Dei første stega:

Svein Lund sende jobbsøknad gjennom Klassekampen-forum. Vurder denne søknaden på linje med dei andre og la det ikkje diskvalifisere at han har ei anna oppfatning av kva som er sentrum i Noreg.

Ved utlysing av stillingar erstattar de desse orda: "Vi holder til sentralt i Oslo", med: "Arbeidsstad blir avgjort i samarbeid med den tilsette."

4. Organisering:

Om ein desentralisert bedriftsstruktur skal fungere, krev det bevisst tenking og organisering. Dersom dei viktige avgjerdene blir tekne på redaksjonsmøta eller i korridorane i Grønlandsleiret, vil ein einsleg medarbeidar i Finnmark lett bli eit alibi og eit heft og sjølv få ein utilfredsstillande arbeidssituasjon. Difor må avisleiinga skaffe seg rutinar for å halde oppe kontakten og sikre at medarbeidarar andre stader er med i avgjerdsprosessane og har same rettane som dei i Oslo.

Det er tenkinga det kjem an på

Forholdet mellom kultur- og miljøstoff handlar om tenking. Meiner avisa at miljøstoff er viktig, er det fullt mogeleg å prioritere det opp, og det er, som eg har nemnt nokre døme på, flust opp av uvesentleg, tannlaust og dårleg kulturstoff å skjere vekk.

Forholdet mellom Oslo og resten av landet handlar også om tenking. Meiner avisa at det er like viktig å dekkje andre delar av landet som Oslo, er det fullt mogeleg å gjere det, også innanfor dei økonomiske rammene Klassekampen har. Korkje geografi, økonomi eller samfunnsforhold står i vegen.

Men då er vel alt greitt? Nei, noko anna som står i vegen: Hovuda til dei som bestemmer i avisa.

Olav Randen

------=_NextPart_000_0007_01BE0DC3.23629680--